Trafikkulykke på Moberg
Ein buss har kollidert med ein personbil ved Liafjellstunnellen. Ein person sit fastklemt med skade i hovudet.
Klokka 14.45 kom meldinga om trafikkulykke med personskade på bysida av Liafjellstunnellen.
Brannvesenet måtte skjera minst éin person laus frå den vraka personbilen, og fleire ambulansar har kjørt frå staden med skadde personar.
- Føraren av personbilen skal ha hatt open skade i hovudet og vore fastklemt i vraket, seier operasjonsleiar Preben Wallestad til Midtsiden.no.
Wallestad kjenner ikkje til om det var passasjerar i bilen. Bussen skal ha vore tom for passasjerar. Bussjåføren skal ha blitt lettare skadd i ein fot.
Trafikken mellom Svegatjørn og Kuvågen på E39 er sperra, og blir truleg sperra i fleire timar etter ulykka. UP og politi frå Fana er sendt til åstaden for å hjelpa til.
Årsaka til ulykka er førebels ukjent, men det snødde tungt og var svært glatt då bilane kolliderte skjedde.