Trafikkulykke i Lepsøykrysset
Ein person er frakta til Haukeland etter kollisjon mellom to personbilar og ein semitrailer i Lepsøykrysset .
Klokka 12.27 melde politiet om trafikkulykka på twitter. Då melde dei om ei ulykke der to personbilar var involvert.
Det viste seg å vera tre køyretøy involvert i ulykka mellom E39 og Lepsøyvegen.
– E39 - ein person kjøres med ambulanse direkte til Haukeland sykehus. Dei andre involverte sjekket av lege på staden. Ikke skadet, meldte politiet på twitter kl 1242.
Det var ein pick-up, ein elbil og ein semitrailer som var involvert i ulukka. Totalt tre personar skal ha vore involvert.
Helse Bergen opplyser i ei pressemelding at mannen, som var 72 år, er lettare skadd.
Vegen var delvis sperra
Politi, ambulanse og brannvesen er på staden. Brannvesenet dirigerar trafikken forbi ulukkesstaden i eitt felt.
Då Midtsiden forlot staden kom bilbergar for å frakte vekk dei skadde bilane. Vegen kunne bli heilt stengt i perioder medan dette pågjekk.
Klokka 13.38 avslutta politi og naudetatane på staden og vegen opna for normal trafikk igjen.
Lepsøykrysset har lenge vore eit belasta ulykkespunkt. Seinest i desember 2014 skjedde det ei ulukke der.
Statens Vegvesen har satt i gang arbeid med å sjå på krysset og fekk i mars 2014 godkjent reguleringsplanen, men førebels er det ikkje satt av pengar til utbetringane.