Lokal | 07. feb. 2013

Trafikktrøbbel rundt skulane

Politiet har fått melding om at foreldre er med på å skapa trafikkfarlege situasjonar både rundt Lysekloster skule og dei to skulane i Os sentrum.

Trafikktrøbbel rundt skulane
Rundt Os skule og Os ungdomsskule er det litt for tett trafikk om morgonane. (Flyfoto 2012: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. feb. 2013 10:27

– Dette er eit emne vi har hatt fokus på fleire gongar, men i går fekk vi melding om at trafikken og problema er i ferd med å hopa seg opp i tida rundt skulestart og skuleslutt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Det har vore meldt om enkelte problem ved Lysekloster skule, men det er spesielt trafikken gjennom Giskavollen, Klokkargarden og Landboden i Os sentrum, vegane rundt Os skule og Os ungdomsskule, det kan hopa seg opp med bilar.

– Føresette set av ungane i tett trafikk og elevane blir springande mellom bilar på veg til skulen. Skulane har vore flinke å informera og følgja opp, men så er det dette med tidsklemma, kanskje det rett og slett har blitt for mange som no vil kjøra ungane omtrent til skuledøra.

Sperrevik seier det er enkelte område rundt skulane som er eigna, som i starten på Klokkargarden, ved rørleggar Samdal og Bjoarvik Trafikkskole sine lokale, men at det ved stor trafikk ein mørk og glatt vintermorgon kanskje er betre å setja ungane av litt lengre vekke frå skulane så dei kan gå det siste stykket.

– Uansett vil eg oppfordra foreldre om å stressa ned og vera varsame og tolmodige når dei kjører ungane til skulen, så vil eg ta dette opp med skulane og senda patrulje ut på kontroll nokre morgonar, så får vi håpa at det betrar seg og at vi held fram med å unngå ulykker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.