Trafikksikring: Slår eit slag for Strøno
Kommunen ba om innspel. Her er eit av dei tydelege som er sendt inn.
Det er varsla oppstart av arbeid med ny kommunedelplan for trafikksikring for Bjørnafjorden kommune og offentleg ettersyn av planprogram.
I slutten av november gjekk leiar for plan- og bygningsutvalet, Terje Sperrevik (Sp), ut og oppmoda innbyggarane å senda innspel og merknadar.
– Det gav umiddelbar respons. Fleire har vendt seg til meg og spurd kvar dei skal senda det dei har. Eg vidaresender det som kjem inn, men vil helst at dei sender via det kommunen har laga til på heimesida, seier Sperrevik.
Frist er 30. desember.
Eitt av innspela som har kome inn er for eit område der førre store trafikksikringstiltak blei betalt med pengar samla inn på basar og dans i ungdomshuset; Strøno.
– Farlege område under auka press
Avsendar av innspelet er Kristian Strønen.
– Når Sperrevik spør så må vi svara. Her manglar vi fortau mellom barneskule og største bustadfelt, som er få meter unna. Og vi manglar fortau nær brua på begge sider. Særleg på fastlandet er det farleg for mjuke trafikantar, med fjellvegg på den eine sida og ein høg murkant på den andre, seier Strønen.
– Er det mange som går eller syklar over brua?
– Det er ikkje mange fotgjengarar å sjå, men det er ein del som syklar til og frå Strøno. Om to bilar møter kvarandre nær brua på fastlandet, så er det ikkje mykje plass igjen til mjuke trafikantar.
Det er ifølgje Strønen rundt 650 innbyggarar som bur på Strøno, 450 av dei bur på Nordstrøno.
– Trafikken til friluftsområdet Ervikane aukar, mengda hytteeigarar auka og med ny E39 kan det bli endå enklare for bergensarar å ta turen til Strøno. I tillegg skal det byggast fleire hus her ute.
– Eg har tatt ei opptelling. Den nyutvida parkeringsplassen til Ervikane har saman med parkeringsplassane i Lønnevågen, som båtfolk og hytteiegarar på Forstrøno og Skorpo bruker, 300-400 plassar.
Han har fått god respons lokalt på innlegget sitt, som han òg har delt på Facebook.
– Eg kjenner til at det kan vera lurt å få fleire til å slutta seg til eit innspel. Om det er yngre krefter på øya, frå ungdomslag eller foreldreutval på skulen, som vil ta jobben med ein digitalt underskriftskampanje, så hadde nok det hjelpt på.
Strønen er løysingsorientert, og har skissa inn i kart kvar han meiner det er enklast og kvar han meiner det er mest viktig å laga gang- og sykkelveg.
Grønn strekning: Enkel å tilrettelegge. Det er allerede planert etter at vannledningen ble lagt. Trengs stort sett bare noe masseutskifting og flytting av noen lysstolper før det kan asfalteres.
Rød strekning: Farlig område. Smalt og uoversiktlig. Stort sett fjell på ene siden og høy murkant (ca. 80 cm?) på andre siden. Få muligheter for fotgjengere/syklister å redde seg ut i grøften hvis en bil ikke kan stoppe.
Turkis strekning: Foreslår at fortau/gang-/sykkelvei forkortes og legges gjennom skogen som vist på kartet. Ved å starte ved broen vil stigningen bli relativt liten slik at det ikke skulle være noe problem å lage en god sykkelvei. Enkelt terreng å tilrettelegge.
Planprogrammet er ikkje den endelege planen, med ei oppskrift for korleis planen skal utformast. Målet er utarbeiding av planen frå januar til mars, førstegongsbehandling i april, høyring i mai og endeleg godkjenning i oktober neste år.
Sperrevik har foreløpig ikkje byrja å gå gjennom innspela som har kome inn, men gler seg over at innbyggarane er engasjerte.
– Vi har prioritert trafikksikring i budsjettet, og har som mål å søkja fleire midlar. Vi kan ikkje gjennomføra alt som kjem inn av innspel og merknadar, men er glade for det vi får, seier Sperrevik.