Lokal | 06. des. 2013

Trafikkaos og narkotika

Politiet: Kjenning gripen med narkotika, mistenkt for sal. Tjuveri av øl. Fleire trafikkuhell fredag morgon.

Trafikkaos og narkotika
Politiet har hatt ein hektisk fredagsmorgon (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 06. des. 2013 10:57

Politiet aksjonerte torsdag mot ein bustad i Os, kor dei hadde mistanke om at det befant seg narkotika.

– Vi aksjonerte mot ein såkalla kjenning av politiet.

– Mannen i 20-åra blei gripen på bustad og det blei funnen såpass med narkotika at det gav oss grunnlag for å ta han med i arresten.

– Saka vil bli følgd opp i dag, fortel politibetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor.

Politiet har òg mistanke om at vedkommande sel noko av stoffet vidare.

Stal øl

Frå ein av butikkane i Os sentrum blei det torsdag stolen ein sekspakning med øl.

– Tjuven stakk frå staden, men blei seinare gripen.

– Ølet blei beslaglagt og returnert til butikken. Han vil bli meldt for forholdet.

Politiet rykte òg ut på melding om trugslar mot tilsette på ein institusjon torsdag ettermiddag.

– Der blei saka løst på staden. Vedkommande fekk beskjed om å halde seg vekke, seier Rastad.

Båt på rek

I vindkulane torsdag sleit ein båt seg på Halhjem.

– Ein observant osing fekk fatt i båten og fortøyd den til ei brygge.

– Eigaren blei varsla og har sikra båten.

Fleire trafikkuhell

På glatta fredag morgon har politiet registrert fleire trafikkuhell mellomanna ein trailer på Halhjem som hadde køyrd seg fast.

– I tillegg til bussen i Lysefjorden skal ein bil ha vore av vegen på E-39.

– Det var ei patrulje frå UP som har meldt denne inn klokka 08.00 i dag tidleg.

– Bilen skal ha sklidd av vegen på Halhjemsvegen mellom Ulven og Moberg.

– Det skal ikkje ha vore personskade, avsluttar Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.