Tore Tang på Våge
I juni kjem "Hver gang vi møtes"-aktuelle Morten Abel med nytt album, i juli kjem han til Tysnesfest.
Med stø kurs mot ei framtid i vest, -Kulturfyrtårnet Tysnesfest!
Før jul blei det kjent at Vamp og Sirkus Eliassen kjem til Tysnesfest 2013.
No bygger arrangørane av den store festivalen, som i år går av stabelen 10. til 14. juli, på programmet med Morten Abel.
– Vi er frå oss av begeistring over at Noregs einaste verkelege popstjerne set kursen mot Tysnes til sommaren, seier festivalsjef Sigvard Madsen.
I fjor hadde Tysnesfest over 60 innslag på programmet og 22.000 besøkande.
Morten Abel, som samla 25.000 til konsert med Mods på Viking Stadion i fjor, er no er å sjå på TV2 kvar laurdag saman med andre kjente artistar i programmet "Hver gang vi møtes".
Morten Abel Knudsen er fødd i Bodø og fylte 50 år i oktober i fjor. Han hadde gjennombrotet sitt med Mods i 1981, med albumet Revansj (1981), som blant anna inneheld låtar som «Tore Tang», «Meg må du hilsa på (du e mislykka, du)» og «Me to går alltid aleina».
Han har seinare vore frontfigur i banda September When og Peltz, men har vore soloartist sidan 1997.
I januar gav han ut singelen «Tore Tang» (sjå video på YouTube), i juni har han plan om å gje ut sitt 7. soloalbum.