Tore Rydland Nielsen er gått bort
Ein idrettsfamilie og ein fotballkrets i sorg etter trenaren frå Os sin brå bortgang.
Tore Rydland Nielsen (56) døde måndag. Han fekk hjartestans mens han var på tur på Ulriken.
Fotballtrenaren frå Søfteland etterlet seg kona Gitte Torp og borna Mia (22) og Mats (19).
Familien og store delar av Hordaland fotballkrets er i sorg etter Tore sin brå bortgang.
Tore har trent fleire fotballag og ei lang rekke spelarar i over ti år, og til fleire opprykk, seinast i haust. Han var ein omgjengeleg og populær trenar blant mange spelarar, ikkje minst dei unge og talentfulle på veg inn i seniorfotballen.
Nielsen var assistent under Frank Hellevik då dei leia Os til 2. divisjon i 2009, og hadde Bjørn Mjelva med som assistent då han sjølv var hovudtrenar for Os i 2013.
Han har seinare vore spelarutviklar for Lysekloster, trent Bergen Nord til opprykk og vore hovudtrenar for Varegg og Gneist.
Med gullskrift
I november feira han opprykk til Norsk Tipping-ligaen med Frøya.
Frøya il skriv dette i ei helsing på eigen Facebook-side:
Tore går ned i historien som en hedersmann i lokalfotballen i Hordaland, men ikke minst som en bærebjelke for Frøya-laget han sist trente. I Frøya ble han historisk ved to anledninger, Frøya nådde i 2019 cupens første runde for første gang. Andre bragd var opprykket til nasjonal serie, som ble sikret for 3 ukers tid siden. Navnet hans vil for alltid stå med gullskrift på Melkeplassen. Tore var en mann med menneskelige verdier langt over gjennomsnittet, og ikke minst en fotballklok trener, som nå er gått bort, så altfor tidlig. Vi lyser fred over ditt minne, og vi vil savne deg.