Toppkamp i Fjorden
Både Lysekloster og Os har heimekamp i helga. I tillegg startar andrelaga deira haustsesongen denne helga, begge med bortekamp.
Begge 3. divisjonslaga i Os har heimekamp denne runden, Lysekloster laurdag (16.00) og Os søndag (15.30).
Lysekloster på 2. plass på tabellen tar imot serielear Stord til toppmøte. Begge lag har 32 poeng, Stord leiar med fire plussmål.
– Sjølv om Stord si utlikning kom på frispark på overtid var bortekampen jamn, seier Ørjan Sandal frå Lysekloster IL om førre møte mellom dei to laga.
Hovden med karantene
På Stord enda det 2-2, no håper Lysekloster på å heimefordel, full pott og status som serieleiar.
Alle Stord sine 3 tap har kome på bortebane, Lysekloster har berre tapt éin kamp heime. I tillegg var bortekampen på gras.
– Alt mannskap, bortsett frå Finsådal og Musland som er ute med skade ut sesongen, og Joakim Hovden, som sonar karantene, er frisk og tilgjengel, seier Sandal
Os tar imot botnlag
Os ligg på 6. plass på tabellen etter heimetapet (2-3) for Fyllingsdalen 2 i førre runde.
Søndag tar dei imot Vaulen, som ligg på 13. og nest siste plass.
Bortekampen til Os mot Vaulen enda 0-0.
Sjå tabell, 3. divisjon avdeling 7.
Andrelaga speler borte
Både Os 2 (4. divisjon) og Lysekloster 2 (5. divisjon) startar haustsesongen denne helga, begge på bortebane.
Os 2 på 10. plass på tabellen speler borte mot Nordhordland på 9. plass.
Lysekloster 2 på 7. plass på tabellen speler borte mot Løvstakken på 5. plass.