Topp 150 av 15.800 i Vasaloppet
Brørne Beldo og Bøthun herja i Sverige. Til neste år får dei starta med eliten – med namn på brystet!
I dag gjekk brørne Gunnar Bøthun (32) og Sigurd Beldo (39) i mål i Vasaloppet for 6. og 5. gong – begge med rekordresultat.
– Vi har førebudd hos godt og hadde mål om å klara topp 150, som kvalifiserer til startplass saman med eliten i Vasloppet 2016, fortel Gunnar.
Sjølv hamna han på rundt 250 plass i fjor, noko som også var ny personleg rekord. Det var 15.800 deltakarar i Vasaloppet, som i år var éi helg seinare enn vanleg grunna VM i Falun.
– Dei fleste deltakarane er amatørar, men dei beste er ekstremt gode, seier Bøthun. Brorer Sigurd gjekk for to år sidan i mål 11 minutt bak Vibeke Skofterud, som sette rekord og var første norske kvinne til å vinna løpet.
76. og 131. plass
Petter Eliassen og Justyna Kowalchyk vann Vasaloppet i år. Anders Aukland, som har vunne tidlegare, kom på 2. plass.
9 av dei 11 beste i herreklassen var frå Noreg og vinnaren av kvinneklassen var einaste kvinne som var raskare enn Bøthun.
Her kan du sjå heile resultatlista.
Gunnar kom på ein fantastisk 76. plass 41 minutt og 28 sekund bak vinnaren.
Sigurd kom på 131. plass, 50 minutt og 34 sekund bak førsteplassen.
– Hadde grei gli
I år var det 8 varmegradar og svært vått føre under det 90 kilometer lange klassiske rennet Vasaloppet, som går mellom dei svenske byane Sälen og Mora.
Gunnar fortel at han ikkje høyrde om nokon som var nøgd med skia sine denne våte dagen.
– Sigurd gjekk frå meg i første motbakke, men eg tok han igjen på flaten. Vi gjekk saman til vi var midtvegs, så blei det for tungt for han å ta meg igjen etter utforbakkane, seier Gunnar.
– Eg hadde ganske gode ski i dag og det var tydeleg at eg hadde betre gli enn Sigurd.
No er uansett begge nøgd med topp 150-plassering.
– Dei kjem nok til å kosta ifrå oss, dei fleste av dei vi skal starta med. Men det blir stas å få starta med eliten, og å få namnet sitt på startnummeret, skyt Sigurd inn frå bussen på veg heim til Noreg.
Nye triathlon til sommaren
Dei to brørne ser på Vasaloppet som finalen denne skisesongen, sjølv om det kan bli eitt og anna ritt før sommaren kjem.
Men dei er også aktive sommarhalvåret.
Sigurd har deltatt i både hundespann-konkurransar og vore blant dei beste i det ekstreme 70 mil (!) lange sykkelrittet Offroad Finnmark. I Norseman kom han på 14. plass i debuten.
Gunnar kom på pallen i triathlon for første gong då han i august i fjor tok 2. plass i Aurlandsfjellet Extreme Triathlon.
– Det blir triathlon på oss i år òg. Vi skal begge til Aurland. Eg skal nok i tillegg delta på Norseman to veker før, fortel Gunnar.