Næringsliv | 07. des. 2014

Topp 100 vekst – Helldal kom tilbake

Sjå lista, desse 100 selskapa i Os vaks mest i 2013: – Vi låste oss i nokre større prosjekt som endeleg lausna i fjor, seier Jim Heldal.

Topp 100 vekst – Helldal kom tilbake
Jim Heldal (Arkivbilde, foto: Terje Bringsvor Nilsen, Fanaposten)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. des. 2014 10:30

Helldal AS vaks med over 70 millionar kroner i omsetnad i fjor og er det niande største firmaet i Os kommune.

• Topp 100 - bedriftene i Os med mest vekst: Sjå lista nedst i artikkelen.
• Les òg: Topp 100 - dei største selskapa i Os

Selte og starta opp igjen

Det starta med pappa Harald sitt firma i 1958, som sonen Jim byrja å jobba hos i 1978. Selskapet Harald Heldal og Sønn AS blei kalla ei pengemaskin då det blei selt til NCC Eeg Henriksen anlegg AS i 1997.

– Då eigarane blei selt til svenskar følte eg at eg etter åtte år måtte ut, kulturforskjellen blei for stor. I utgangspunktet ville eg ikkje driva for meg sjølv, eg syntest det var så mykje papirarbeid. Men så blei det sånn.

– Det var nok mange som trudde at det ikkje kom til å bli det heilt store då vi i 2005 starta med ein Berlingo, ei motorsag og ei 40 tonns gravemaskin, ler Heldal.

Men første heile driftsår landa på 31 millionar, så auka det til 68 og 118 millionar kroner åra etter.

Venting og nedtur

Heldal og Jan Haukedalen eig saman over 50 prosent av holdingselskapet AS Helldal & Co AS. Holdingselskapet eig 100 prosent av aksjane i driftsselskapet Helldal AS og Rallaren Eiendom AS. Dei eig også 68 prosent av Lutelandet Offshore AS, eit prosjekt som heldt Helldal på beite nesten for lenge.

– Vi var sikre på å gjera rask suksess. Ting tok tid, men vi trudde heile tida at NO, no skjer det. Så skjedde det ikkje. Jim ler når han ser tilbake på åra frå 2009 til 2012, då omsetnaden stupte til under 40 millionar igjen.

Lutelandet i Fjaler i Sogn er eit 1400 mål stort hamneområde som no kan få Europas største tørrdokk. Prosjektet var så stort at Helldal ikkje torde ta på seg større oppdrag. Samtidig var bransjen vanskeleg desse åra etter finanskrisa i 2009.

– Redde politikarar skaper dårlege avgjerder

– Vi hadde Lutelandet og eit par andre store prosjekt, der alle halte ut i tid. Det er synd at det er sånn i Noreg, at når du sender ein byggesøknad så har du ikkje peiling på kva som skjer vidare.

– Du kan ha store og gode prosjekt, og førebu deg på ein måte som gjer deg sårbar, men så er styresmaktene så uforutsigbare at risikoen blir enorm. Mange store, gode firma og fleire hundre arbeidsplassar går tapt grunna handlingslamma politikarar og tregt byråkrati.

– Eg trur frykt er årsaka, frykt for å gjera noko feil. Då er det lettast og tryggast å seia nei. Mange er så redde at dei seier nei i staden for å setja seg skikkeleg inn i sakene, trur Heldal.

Takkar Mons Tore

I 2013 ausna det, ikkje berre på Lutelandet, der det var byggestart rundt påske 2013, men også på to andre større prosjekt.

– Det blei eit godt år, og eg trur det blir eit endå betre år i år. 2015 ser dessutan veldig bra ut. Då skal vi blant anna ta imot verdas største skip som skal utføra verdast største løft på Lutelandet, når plattforma Yme skal inn til skroting og 14.000 tonn stål skal resirkulerast.

Mens Jim Heldal er frå Helldalen i Bergen kjem partner og dagleg leiar Jan Haukedalen frå Os, der selskapa også har adresse. I perioden før det lausna på Lutelandet fekk Jim med seg ein annan viktig osing, Mons Tore Lyssand.

– Mons Tore er heilt enorm når han først har trua på noko. Han kom inn med kapital og gjorde at vi kunne halda stand mens vi venta på å koma i drift i Sogn.

– Det har ikkje berre vore enkelt desse åra, men vi har lært mykje av nedgangen som vi har bruk for no når vi veks igjen, seier Jim Heldal.

Topp 100 • Vekst

Oversikta viser dei 100 bedriftene i Os med høgast vekstomsetnad i 2013.
(Tal i 1000 kroner)

Merknad: Omsetnad, vekst og resultat kan ha samband med interne forhold i selskapa på lista, for eksempel sal av eigedelar, nyetablering, enkeltprosjekt, eller andre forhold som ikkje handlar om auke når det kjem til det som frå år til år utgjer den normale drifta.

Pos. Navn Vekstomsetning 1 Dwc AS 119296 2 Helldal AS 73613 3 Inka AS 49823 4 Norwegian Deck Machinery AS 42689 5 Bøe & Lepsøy Utbygging AS 42689 6 Prosjekt Vest Bygg AS 30749 7 D.k. Eiendom AS 24090 8 F. Tøsdal Holding AS 21151 9 Risnes Marine Craft AS 19526 10 Brødr Borgen Ferdigbetong AS 15503 11 Pittpottnøtt AS 15336 12 Inge Hjelle Entreprenørforretning AS 11277 13 Møbelsenteret på Nordås Eiendom AS 10015 14 Bohus Nordås AS 9864 15 Abo Plan & Arkitektur AS 9644 16 Bomobil AS 9162 17 Rallaren Eiendom AS 9040 18 Os Maskinering AS 8822 19 Lyssand Blomstersalg AS 8517 20 Universal Logistics Bergen AS 8159 21 Fløysand Tak AS 7640 22 Søgnen Eiendom AS 7180 23 Jan Haukeland AS 6038 24 Trond Hope AS 5659 25 Universal Bygg AS 5536 26 Bjørn Døsen AS 5525 27 Oleanna AS 4901 28 J-e Bygg AS 4851 29 Sælen Smedverksted AS 4781 30 Himo Utvikling AS 4693 31 Gc Rieber Compact AS 4691 32 Sperrevik Elektro AS 4593 33 Partas AS 4466 34 Os Servicesenter AS 3890 35 Drange Bruk AS 3671 36 Mecmar AS 3575 37 Hagavik Hjemmebakeri AS 3500 38 Norden Maritime Invest AS 3496 39 Rørdykk AS 3367 40 Byggmester Skåtøy AS 3339 41 Lyssand Eiendom AS 3313 42 Samba AS 3215 43 Tannlege Bjarne Øvredal AS 3167 44 H. Bakketeig Holding AS 3102 45 Fjordtomten AS 2984 46 Westcliff AS 2707 47 Fw Handel AS 2530 48 Blaze AS 2412 49 Grindevoll Maskin AS 2379 50 Optimiser AS 2367 51 Bergen Sikkerhet AS 2319 52 Mecmar Eiendom AS 2250 53 Kv Service AS 2237 54 Bd Eiendomsutvikling Drift AS 2107 55 Os Anlegg AS 2058 56 Th Autoworks Limited 2050 57 Hope Handel AS 2018 58 Lekven Eiendom AS 1975 59 Odin Solutions AS 1906 60 Normo Automasjon AS 1897 61 Os Maskin AS 1869 62 Os Entreprenørforretning AS 1804 63 Octaos AS 1758 64 Tveit Eiendom AS 1740 65 Kirkenær Eiendom AS 1703 66 Pioner Barnehager AS 1643 67 Tannlege Benedikte S.øvredal AS 1587 68 Vedholmen Landhandel AS 1585 69 Frode Søviknes Holding AS 1560 70 Stiftelsen Nøtteliten Barnehage 1527 71 Optiker Bakketeig Øyrane Torg AS 1515 72 Hovland Transport AS 1508 73 Os Maskinservice 1503 74 Osbuss AS 1456 75 Unik Filtersystem AS 1375 76 Bjørnefjorden AS 1351 77 Kuvågen Barnehage AS 1338 78 Skaathun Bilverksted AS 1334 79 Controller AS 1317 80 Transport og Gulvstøp AS 1309 81 Tøsdal & Nordstrønen Motorservice AS 1292 82 Sagstad Drift AS 1284 83 Eide Services AS 1279 84 Os Taxi Sa 1266 85 Gult AS 1250 86 Many AS 1248 87 Marine Fabrication AS 1221 88 Defendo AS 1210 89 R O Nydal AS 1166 90 Heggland Gulvstøping AS 1160 91 Hovland Panorama AS 1124 92 Kn Bo AS 1105 93 Skeisbotnen Barnehage AS 1042 94 GH Betongentreprenør AS 1004 95 Varme & Rørteknikk AS 993 96 Os Auto AS 961 97 Lyssand A/S 914 98 Altitak AS 904 99 Rød Elektro AS 896 100 Kongshaug Musikkgymnas AS 883

kilde: purehelp.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.