Topp 100 – selskapa i Os med best resultat
Sjå topp 100-lista: Oljeeventyret i Hegglandsdalen er i gang, nykomar DWC AS er allereie det mest lønsame selskapet i Os.
Det starta med ein idé klekt og forma av osingane Anders Arefjord og Jarle Nytræ. I løpet av to år er DWC AS det raskast veksande firmaet i Os.
Ingen selskap i Os vaks meir enn DWC AS i fjor. Desse 100 selskapa frå Os hadde størst vekst.
Ingen hadde betre årsresultat heller.
Sjå topp 100-lista nedst i artikkelen.
Med ei vekst på 119,3 millionar kroner (!) i sitt andre driftsår er selskapet allereie det 6. største i Os kommune. Her er dei 100 største selskapa i Os.
Aukar produksjonen av olje og gass
Arefjord og Nytræ har kome med nye teknologiske løysingar til olje- og gassnæringa før, og har erfaring tilbake frå 1997. Dei har jobba saman og kvar for seg, som oppfinnarar og konsulentar, i ulike selskap. Då Anders fekk ein ny idé og Jarle fekk forma den på teiknebrettet i 2011 gav det grunnlag for DWC AS, som blei etabelert 1. januar 2012.
– Eg kjenner dei frå før, dei er litt av ein duo, seier administrerande direktør Øyvind Heradstveit.
Oppfinninga skil sand og sediment frå olje og gass, noko som beviseleg har gitt betre og betydeleg auke i produksjon og lønsemd hos kundane.
– Det passsar veldig godt inn i desse tider kor kostnadskutt og innsparing er i fokus hos oljeselskapa. Her bidrar DWC ved at dei reduserer behovet for workover-operasjoner (coiled tubing m.m.) og i tillegg gjer løysinga vår at dei kan strøyma brønnane hardare enn før.
– Det er altså ikkje berre komponentet som er spesielt og bra, men det er korleis systemet blir sett opp og tilpassa kvar enkelt prosjekt.
Intensiv periode
Heradstveit blei tidleg engasjert som arbeidande styreleiar, er medeigar i selskapet, og har vore del av dei travle første åra.
– Det har vore intenst, både med godkjenningar, dialog med kundar og rekruttering av nye medarbeidarar.
Eit selskap i Midtausten var tidleg interessert og fascinert av oppfinninga, og hjelpte til med kapital. DWC har bygd 10 system til no, dei fleste på utleige, og har blant anna eit system ståande på eit av verdas største høgtrykk-gassfelt i Midtausten. Saudi Aramco og Statoil er blant kundane til DWC.
God lokal forankring
Selskapet sysselset meir enn 40 personar og har framleis base i Hegglandsdalen, der dei no er i ferd med å byggja nye, større lokal for å kunna handtere vidare sterk vekst.
– Vi har både underleverandørar og fleire tilsette frå Os. Vi har vore heldige i jakta på nye hovud og fått mange flinke folk med oss.
– Det er gjort ulike investeringer no i starten, for å sikra fornuftig drift og vekst i åra som kjem, seier Heradstveit.
Topp 100 - resultat
Desse selskapa i Os var mest lønsame i 2013.
(Tal i 1000 kroner)
Merknad: Omsetnad, vekst og resultat kan ha samband med interne forhold i selskapa på lista, for eksempel sal av eigedelar, enkeltprosjekt, eller andre forhold som ikkje handlar om auke når det kjem til det som frå år til år utgjer den normale drifta.
Pos. Navn Årsresultat 1 Dwc AS 53794 2 Alutec AS 30323 3 AS Helldal & Co 14180 4 Rallaren Eiendom AS 8799 5 Helldal AS 8733 6 Bøe & Lepsøy Prosjekt AS 7540 7 Kvamsdal Invest AS 7231 8 Solstrand Hotel & Bad AS 6950 9 Tannlege Bjarne Øvredal AS 6525 10 Os Bygg og Eigedom AS 6412 11 Norden Maritime Invest AS 6032 12 Norwegian Deck Machinery AS 5426 13 Fjøsangerveien 68 AS 4972 14 AS Bøe & Lepsøy 4950 15 Tyrlanna AS 4843 16 Johs Sælen & Sønn Eiendomselskap AS 4764 17 D.k. Eiendom AS 4697 18 Kråtun AS 4630 19 F. Tøsdal Holding AS 4473 20 Norden Maritime AS 4376 21 Drageset AS 4364 22 Brødr Borgen Ferdigbetong AS 4348 23 Sh Holding AS 4253 24 Samba AS 4209 25 Sælen Smedverksted AS 3893 26 Dahlsvegen Holding AS 3877 27 Prosjekt Vest Bygg AS 3762 28 Nils Åge Førsund Holding AS 3690 29 Abo Plan & Arkitektur AS 3389 30 Bøe & Lepsøy Utbygging AS 3214 31 Mecmar Eiendom AS 3206 32 Skorpo Sabas AS 3160 33 Os Byggsenter AS 3048 34 Heiane 4 B AS 2997 35 Many AS 2887 36 Le Phoque AS 2814 37 Pioner Barnehager AS 2800 38 Inge Hjelle Entreprenørforretning AS 2721 39 Stamkunde AS 2698 40 Lyssand Eiendom AS 2573 41 Anne Sofie Invest AS 2488 42 Inka AS 2433 43 Lyssand A/S 2402 44 Os Asvo AS 2331 45 Industribygget AS 2279 46 Haugsnesfjero Borettslag 2231 47 Byggmester Kjell Aarvik AS 2205 48 Os Elektro AS 2163 49 Bergen Alarmservice AS 2070 50 Kirkenær Eiendom AS 2055 51 Lekven Entreprenør AS 1999 52 Møbelsenteret på Nordås Eiendom AS 1936 53 Gc Rieber Compact AS 1921 54 Heiane 4 AS 1909 55 Marine Constructions AS 1875 56 Drange Eiendomsselskap AS 1847 57 Drange Holding AS 1808 58 Lyssand Blomstersalg AS 1777 59 Hope Holding AS 1697 60 Rasmussen Eiendom Åsane AS 1672 61 How Inventing AS 1672 62 Os Maskinering AS 1644 63 Jan Haukeland AS 1601 64 Grindevoll Maskin AS 1575 65 Kråka-sjaa Invest AS 1561 66 Erinvest AS 1545 67 Fjøsangerveien 70 A AS 1533 68 Rød Elektro AS 1519 69 Sperrevik Elektro AS 1493 70 Øvstedal Invest AS 1486 71 Bjørnefjorden Hjertesenter AS 1477 72 Bd Eiendomsutvikling Drift AS 1463 73 Arka AS 1391 74 Bdl Invest AS 1345 75 Lekven Eiendom AS 1315 76 Trollhaug Invest AS 1281 77 Betonggulv AS 1272 78 Optimiser AS 1271 79 Flebugården AS 1246 80 Frode Søviknes Holding AS 1243 81 Os Knuseverk AS 1157 82 Kuvågen Barnehage AS 1155 83 Universal Biology Norway AS 1152 84 Fløysand Tak AS 1124 85 Os Næringspark AS 1124 86 Sr Revisjon & Rådgivning AS 1118 87 Jari Holding AS 1106 88 Ask og Skjeie Eiendom AS 1095 89 Os Maskin AS 1091 90 Wallemslien 18 AS 1089 91 Sælen og Koldal Eiendom AS 1063 92 Mecmar AS 1050 93 D Askvik AS 1014 94 Shortcut Holding AS 992 95 H-ok Holding AS 991 96 Sverre Samdal Autorisert Rørleggerforretning AS 974 97 Lyssand Bil AS 968 98 Industriveien 2 Os AS 960 99 Bø Systemforskalling AS 939 100 Va-teknikk Vest AS 913