Tone overtar studio i sentrum
Etter 20 år i helsebransjen måtte Tone Mortensen gje seg, men ved å overta Studio Figura er det duka for comeback ved «massasjebenken».
![Tone overtar studio i sentrum](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/ce9faf86d340dce1b89b4b4366285def22c3600a-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Tone Mortensen var ferdig utdanna hudpleiar i 1992 og har sidan utvida kompetansen og jobba i 20 år med både hudpleie, massasje og ulike spabehandlingar.
– Eg har både jobba heimefrå, på Solstrand, Kali og i samarbeid med andre i bransjen ved ulike kontor i Os.
– Då eg fekk artrose (kronisk betennelse) i hendene måtte eg dessverre gje meg. Dei siste åra har eg blant anna jobba i barnehage og som servitør, men så fekk eg ein sms frå Sissel (Mathisen).
Sissel var med på å opna Studio Figura i eit lokale ved sidan av Nav, der Ramsvik Frisør tidlegare heldt til, i mai i fjor. Ho lurde på om Tone ville kjøpa studioet.
– Dei har hatt fin drift og veldig gode tilbakemeldingar frå kundar sidan start, men ville av utanforståande årsaker gje seg. Eg var sjølv ein nøgd kunde og takka ja.
Effektiv, maskinell lymfedreneringsmassaje
Studioet er utstyrt med fire like maskiner, Roll Shaper, ein trommel med kuler som gir massasje for betra lymfedrenasje.
«Undertegnede er faktisk imponert! Merket allerede første gangen at det skjedde noe i kroppen, men det var først etter fjerde gangen at det virkelig begynte å skje noe» skriv KK sin journalist etter å ha testa Roll Shaper ti gongar.
Professor Jøran Hjelmesæth, som er leiar for Senter for sykelig overvekt ved Sykehuset i Vestfold, seier i eit intervju med Aftenposten at han tviler på at behandlinga gir betre søvn og slankare kropp, men at du får mindre spenning i kroppen, færre hevelser og mindre væske under huden av lymfedrenasje.
Han understreker at lymfedrenasje har eksistert i mange år – og at mange set pris på behandlinga. Også mange fysioterapeuter nyttar seg av manuell lymfedrenasje.
– Roll Shaper er nok mest brukt av kvinner og blir gjerne sett på som effektivt mot cellulittar. Eg vil prøva å retta meg like mykje mot aktive folk, både kvinner og menn, anten dei spring motbakke eller speler fotball.
– Å stimulera systemet som gjer at du kvittar deg med avfallsstoff etter ei hard treningsøkt så er du raskare klar for neste.
Test onsdag - opning torsdag
Mortensen har starta selskapet Studio Figura Osøyro AS og overtatt utstyret og leigekontrakten i Brugata.
I dag hadde ho ei venninne, dottera og ei venninne av dottera innom for test.
– Eg var kunde her frå før og kjenner Tone frå tidlegare, seier Brit Aase.
Ho føler ho både søv betre og får meir overskot av den maskinelle lymfedrenasjen.
– Det skal bli godt å koma tilbake i bransjen eg har jobba i sidan 90-talet, her kan eg gje vegleiing og prata med kundane utan å måtta bruka hender som ikkje er brukande til denne typen jobb lenger, seier Tone, som opnar dørene på det nye studioet i morgon.