Lokal | 19. juli 2018

Tomta til parkeringshuset er klar

Vidare framdrift: Kan tomta brukast til andre ting før nye 220 parkeringsplassar blir bygd?

Tomta til parkeringshuset er klar
Sånn ser tomta ut i dag. Neste steg er riving av den gamle brannstasjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. juli 2018 12:14

Bildeserie:

Parkeringshuset skal romma 220 plassar over 6 plan. (Link Arkitektur)
Parkeringshuset skal romma 220 plassar over 6 plan. (Link Arkitektur)
(Link Arkitektur)
(Link Arkitektur)
(Link Arkitektur)
(Link Arkitektur)
Statoil Os blei Circle K i 2017. (Foto: KVB)
Statoil Os blei Circle K i 2017. (Foto: KVB)
Rivinga kom raskt i gang, sånn såg det ut 16. mai. (Foto: KVB)
Rivinga kom raskt i gang, sånn såg det ut 16. mai. (Foto: KVB)
Neste ut er brannstasjonen. (Foto: KVB)
Neste ut er brannstasjonen. (Foto: KVB)
Circle K-tomta skal brukast som rigg under rivinga. (Foto: KVB)
Circle K-tomta skal brukast som rigg under rivinga. (Foto: KVB)
1 av 7

Bakgrunn: Os kommune ønskjer å legga til rette for eit parkeringsanlegg på vestsida av Byvegen. Kommunen ser for seg å etablera parkeringshuset med 5 etasjar med moglegheit for parkering i 6 plan. Det er lagt til rette for 220 parkeringsplassar i parkeringshuset. I 1. etg er det moglegheit for etablering av cirka 800 m² næring og cirka 200m² byrom.

I møte i plan- og bygningsutvalet 21. juni blei det vedtatt å legga framlegg til detaljregulering ut til offentleg ettersyn. Les heile vedtaket nedst i artikkelen.

• Detaljreguleringa er lagt ut - her kan du lesa heile (oskommune.no)

Frist for å koma med eventuelle merknadar er fredag 7. september.

Riving av bensinstasjon og brannstasjon

Etablering av parkeringshuset medfører riving av den gamle brannstasjonen og servicestasjonen Circle K.

I midten av mars i år stengte familien Eidsvik den 61 år gamle bensinstasjonen for godt. No er stasjonen riven og tomta rydda.

– Eg har inntrykk av at det er gjort ein god jobb med rydding av tomta. Os kommune overtar tomta onsdag 1. august, fortel prosjektleiar Halvor Hanevik i Os kommune.

– Det går framleis litt tid før parkeringshuset kan byggast, kan tomta bli brukt som parkeringsplass i mellomtida?

– Planen er at tomta skal brukast som riggområde for dei som skal riva brannstasjonen. Om det av ei eller anna årsak skulle visa seg at dette arbeidet ikkje kjem raskt i gang kan tomta i mellomtida brukast til andre samfunnsnyttige formål. For eksempel parkeringsplass. Men dette er ikkje noko vi har hatt oppe til vurdering no.

Kan tidlegast starta i september

Det er skrive rivingsrapport for brannstasjonen, eit arbeid som vil få ein pris under grensa for kva som må ut på offentleg anbod via Doffin (1,3 millionar).

Kommunen køyrer derfor ein mini-konkurranse for å avgjera kven som får jobben.

Om prosessen vidare går fort kan val av entreprenør skje tidlegast i august og arbeidet starta tidlegast i september.

Vedtaket frå plan- og bygninsutvalet torsdag 21. juni:
I medhald av §§ 12-11 og 12-10 i plan- og bygningslova gjer Plan- og bygningsutvalet vedtak om å leggja framlegg til detaljregulering for parkeringshus på Osøyro, 52/25,430, m.fl., datert 31.05.2018, med tilhøyrande reguleringsføresegner, planomtale ogtilhøyrande dokument, ut til offentleg ettersyn.

Før 2. gongs behandling må følgjande punkt vera på plass:
• Tilkomst til framtidig fjellanlegg for parkering må inn i planen, og det må visast samankobling mellom parkeringshuset og fjellanlegget i bakkant av parkeringshuset. Dette må leggjast inn slik at påhogg vert bygd samstundes med eller før parkeringshuset vert bygd. Innkjøring til fjellanlegget skal vera gjennom parkeringshusets 1. etasje.
• Det må setjast av naudsynt areal i parkeringshuset til mogeleg plassering av framtidig kloakkpumpestasjon til erstatning for dei som idag er i sentrum og skal relokaliserast.
• Det må setjast av naudsynt areal i parkeringshuset til mogeleg plassering av framtidig bossugsentral for sentrum.
• Det må vera nok fleksibilitet i bygget og det må planleggjast slik at det enkelt kan konverterast til bustad/kontor.
• Det må innhentast referanseprisar frå P-plassar i fjell frå eksisterande.
• Gang tilkomst til eigedomen 52/88 må sikrast òg i anleggsfasen.
• Alternativ plassering av reguleringsplass/venteplass for buss må avklarast.
• Fasadeteikningar i endeleg plan vert bindande.
• Fasaden skal søkja å spegla identiteten slik sentrum til dømes med branntårn eller lignande var.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.