Kultur | 15. jan. 2013

Tom Cruise på bygdekinoen

Tom Cruise "besøker" Os som actionhelten Jack Reacher. For dei yngste byr kinodagen på "Lotte og Månesteinens hemmelighet".

Tom Cruise på bygdekinoen
Tom Cruise som Jack Reacher på bygdekinoen sundag (foto: United International Pictures)
Andris Hamretysdag 15. jan. 2013 11:55

Sundag er det duka for bygdekino med Tom Cruise i hovudrolla som Jack Reacher i filmen med same namn.

Filmen er basert på New York Times-bestselgar Lee Child sin romanserie.

Jack Reacher blir omtala som ein av dei kulaste romanheltane som har tatt steget inn i filmverda. Når ein våpendesperado tek fem liv med seks skot, peikar alle bevis mot ein mistenkt som sit i politiet si varetekt. Under avhøyra kjem han berre med ein einaste kommentar: "Få tak i Jack Reacher!" Dermed startar ei intens jakt på sanninga, som set Jack Reacher opp i mot ein uventa fiende - ein fiende som ikkje skyr nokon midlar for å beskytte sine løyndomar.

Filmen har 15-års aldersgrense og varar i 2 timar og 10 minutt.

Sjarmerande og genuint morosam

Barnefilmen sundag er Lotte og Månesteinens hemmelighet. Ein film omtala som søt, sjarmerande og genuint morosam. Dette er ein film for dei yngste og for dei som er ung til sinns.

Lotte bor i Oppfinnerland. Ei natt snik to framande seg inn i landet på jakt etter kofferten til onkel Klaus. Lotte overraskar dei framande, og skremt flyktar dei avgarde. Undervegs mistar dei ein stein dei har teke frå kofferten. På sitt siste eventyr tok Klaus og venane hans, Fred og Ville, med seg tre steinar frå eit hemmeleg tempel. Lotte oppdagar at dette ikkje er ein vanleg stein, og ilag med Klaus bestemmer dei seg for å avsløre steinen sin hemmelegheit.

Filmen har inga aldersgrense og varar i 1 time og 15 minutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.