Tom Andree tilbake i moderklubben
Han avslutta juniorkarriera med sølv i senior-NM. No trener Tom Andree Moberg Johansen med Os Svømmeklubb igjen.
Tom Andree Moberg Johansen, som fyller 20 år i mai, var ein av dei første store talenta i 10 år gamle Os Svømmeklubb.
Sonen til den andre sjefen i Osbadet sette fleire banerekordar på 25 meter. G11 bryst (22,29), G12 bryst (19,24) og G12 fri (14,37) sto på 10-årsdagen til Osbadet 20. september 2016 framleis som rekord.
Som ungdom gjekk Tom Andree vidare til svømmeklubben Delfana, så vidare til elitegruppa Bergensvømmerne, eit samarbeid mellom svømmeklubbane Delfana, Arna og Åstveit.
– Generelt har vi ein filosofi om å læra barn og unge god svømmeteknikk, og å skapa godt miljø og samhald. Vi trener tre gongar i veka, når svømmarane kjem så langt at dei treng meir enn dette, slepp vi dei vidare til eliteklubbane i Bergen, seier instruktør i Os, Thomas Harlem.
• Les òg: Talentet Emil A. Harlem klar for LÅMØ
Tom Andree Moberg Johansen og søskenparet Sebastian og Ariel Braathen er blant dei som har gått vidare. Tom Andree er ein sprinter og er best i fri (crawl), korte fridistansar for gutar er kanskje der konkurransen er aller hardast.
Likevel har han hevda seg, seinast i fjor, som sisteårs junior.
– Dei beste resultata mine i 2016 var nok 5. plass i 50 meter fri i junior-NM (kortbane) i november, og NM-sølv i stafett i senior-NM (kortbane) i mars i fjor, seier Tom Andree.
Tilbake i Osbadet
Tom Andree, som var russ i fjor, har ikkje bestemt seg for vegen vidare når det kjem til studie. For tida er han kollega med pappa Håkon i AdO og bur heime i Furulunden, eit steinkast frå Kuventræ og Osbadet.
No har han òg byrja å trena i Os Svømmeklubb igjen.
– Eg vil halda fram å konkurrera, NM i AdO i mars er neste mål. Men eg trener på ein litt annan måte no enn før, som eit eksperiment mens eg har byrja å jobba meir, og då passar det bra å koma tilbake her.
I haust hadde han 6 økter med svømming, 3 med styrke og 2 med jogging i veka. No trener han svømming tre dagar i veka og har auka på med styrketrening.
– Instruktørane i Os er veldig gode, og vi har intensive økter, både fysisk og teknisk. Sjølv om eg ikkje har jamgod motstand å bryna meg på i bassenget er instruktørane, og eg sjølv, flink til å få innsatsen opp og tidene ned når eg trener.
Han held fram som medlem i Delfana/Bergensvømmerne til over NM, blant anna for å delta i stafett, men har no alle treningane i Os.
– Til stor inspirasjon for dei unge
Thomas Harlem gler seg stort på vegne av medlemmane når eldre ungdomar kjem heim for å trena med moderklubben.
– Ariel, Noregs beste brystsvømmar, trener med oss om torsdagane, så sant ho ikkje er opptatt med landslaget. Broren Sebastian (norsk juniormeister på stafett) er òg innom og trener med oss når han er heime frå Sjøforsvaret.
• Les òg: Braathen kåra til beste rekrutt
– For oss instruktørar er det kjekt å sjå dei igjen, og å oppleva at dei framleis held på med svømming. For dei yngre, aktive svømmarane våre er dei til stor inspirasjon, seier Harlem.
– Tom Andree har dessutan potensiale til å hevda seg blant dei aller beste crwalsvømmarane i landet, også som senior.
Johansen synest sjølv at det berre er stas å trena med yngre utøvarar.
– Det er eit godt miljø i klubben, på tvers av alder, og vi prater mykje saman. Om dei unge spør om tips, og eg skal visa, så får eg dessutan repetisjon på gamal basic. Det hender rett og slett at eg lærer av å visa andre, noko som var litt overraskande og kjekt å oppleva, seier Tom Andree.