Tok ut A-stallen
Her er Os sine 23 A-lagsspelarar i 2013.
I løpet av treningshelga fredag og laurdag blei uttaket til Os sitt A-lag gjennomført.
– Vi har tatt ut ein tropp på 23 spelarar, seier Tore Nielsen.
Frå fjorårstroppen, som er avbilda over, er det følgjande endringar:
Simen Lassen og Fredrik Heggland har gått til Brann. Kjetil Hansen, som var vekke på skule mesteparten av sesongen, har gått til Lysekloster. Mounir Aouachria har skifta klubb, Midtsiden har høyrt rykter om Søre Neset, men det er ikkje stadfesta.
Nye inn frå eigen stall er:
Ørjan Glesnes, Glenn Krossøy og Stian Bakke, som har kome tilbake frå utlån til Kopervik og Dani Bergstø, som har kome tilbake etter pause.
Blant spelarar som er med vidare etter å ha vore skadd delar av sesongen i fjor er:
Egil Thuen, Håvard Grøteide og Anders Kinden.
Den samla A-stallen ser sånn ut:
Anders Kloven, Frode Moberg Øvredal, Per Søgnen Merai, Torkel Hjertnes, Tor Erik Kjosås Berge, Børge Borgen, Håvard Grøteide, Vegard Engelsen Moberg, John Ole Johannessen, Stian Bakke, Dani Bergstø, Tore Valvik, Stian Lunde, Preben Borgen, Håkon Kvittingen, Mats Lepsøe, Egil Thuen, Glenn Krossøy, Anders Kinden, Ørjan Glesnes, Ramo Racic, Christer Olsen og Erik Kanestrøm.
– I tillegg til desse har vi ei stor og god B-gruppe, som utgjer Os 2-stallen, og som kjempar frå veke til veke om plass på A-laget. Presterer dei på trening og kamp er vegen kort til speletid på A-laget, seier Nielsen.
Til treningsleieren i Tyrkia før påske har Os bestilt plass til 25 spelarar. Os tar med dei 23 i A-stallen og kanskje éin til.