Tok tre poeng frå gamleklubben
– Vi er for lite rå, seier El Fakiri etter at tidlegare Os-keeper Kjetil Hansen og Varegg vann på Kuventræ.
Fem lag i avdelinga har stukke litt frå resten og har passert 20 poeng etter 10 rundar.
To av dei er Os på 4. plass og Varegg på 3. plass med 20 og 21 poeng før dagens oppgjer.
Os har eit tett og viktig kamp-program før ferien, etter siger over Arna-Bjørnar laurdag var det Varegg i dag, Bjarg på 5. plass borte laurdag og Sotra på 2. plass laurdag om ei god veke.
I dagens kamp var ikkje Os tøffe nok.
– Spelemessig går det greit nok, vi skaper sjansar. Men vi er for lite tøff og rå både offensivt og defensivt mot eit lag som Varegg.
– Det er dessutan frustrerande å sjå at vi slepp inn to mål på innkast! seier trenar Hassan El Fakiri.
Os - Varegg 1-3 (0-2)
Målskårar, Os: Rafael Villén Villeén.
Dagens Os-spelar: Rafael Villén Villeén.
Os: Andrew Todd - Anders Havsgård (Christoffer Hevrøy 72.), Adrian Valle, Torkel Hjertnes, Knut Spangelo Haga - Torgeir Lunde, Rafael Villén, Marius Mikkelsen (Thomas Fosen 76.)- Emil Halver, Øystein Takle Eide og Stian Lunde (Sander Kvittingen 66.)
Gjestane leia 2-0 til pause etter å ha skapt 1,5 sjanse i første omgang. 0-1 kom på ei fin kontring i 23. minutt, 0-2 etter eit langt innkast i 31. minutt.
Os sto høgt, men sleit med å finna opning i Varegg-forsvaret i første del av andreomgangen. I 59. minutt får Varegg corner. Os er først på, på første stolpe, men headar ballen bakover, der ein Varegg-spelar er vaken og aukar til 0-3.
Dei største sjansane til Os er då Torgeir Lunde i 65. minutt står feilvendt og får tatt imot ballen åleine framfor keeper. Den elles så tekniske juniorspelaren er uheldig med mottaket og får ballen for langt frå seg då han skal snu seg og avslutta.
Den same Lunde prøver seg òg med eit frekt hælspark på innlegg, men får ikkje bra treff på ballen.
Emil Halver skyt i stolpe, men ingen er med på returen. Rafael reduserer i 85. minutt på frispark frå sida av 16-meteren. Knut Spangelo Haga klarer på finurleg vis å skru ballen over fleire hovude frå både heimelag og bortelag før spanjolen, som i dag spelte sin første heile for Os denne sesongen, headar inn 1-3-målet.
– Vi visste det ville bli jamt og hadde bestemt oss for å ligga litt lågt. Det gjekk bra i første omgang, men det er utruleg kor stressa vi blir av å sleppa inn eitt mål, seier Varegg-keeper, osingen Kjetil Hansen.