Lokal | 23. nov. 2013

Tok to som røykte hasj

Fredag fjerna politiet ei rusa kvinne, natt til laurdag møtte dei to gutar på Søfteland som røykte hasj.

Tok to som røykte hasj
Politiet patruljerer ofte rundt Søfteland skule etter fest og hærverk ved ein barnehage i nærleiken i september. (Arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. nov. 2013 10:08

I september blei tre gutar tatt for omfattande hærverk ved Nøtteliten barnehage.

Naboar fortalte om helg etter helg med feststøy ved hytta til barnehagen, og politiet har i ettertid patruljert området rundt skulen og barnehagen med høgare frekvens.

Klokka 02.40 natt til laurdag møtte dei to gutar som er mistenkt for å røyka hasj.

– Dei blei tatt med til avhøyr og er meldt for bruk av narkotika. Det blei også funne mindre mengder hasj på gutane, som er i slutten av tenåra, fortel politibetjent Janne Samuelsen.

Rusa på Meny

Fredag formiddag, i 11-tida, blei politiet kontakta av dei tilsette ved Meny i Industrivegen.

– Dei hadde ei rusa kvinne i butikken som vi valte å ta med oss.

Fann tablettar på nattklubb

Litt over klokka 4 natt til laurdag fekk politiet innlevert nokre tablettar.

Tablettane var funnen på nattklubben Catten, men viste seg å vera allergitablettar, altså ikkje noko ulovleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.