Tok poenga dei kom for
J16-laget til Os tok sine to første nasjonale poeng då dei slo Elverum i Bringserien søndag.
J16-laget til Os Turn håndball kvalifiserte seg på mest mogleg spennande vis til den nasjonale Bringserien i byrjinga av desember. Denne helga gjekk første runde av stabelen i Malvik, rett nord for Trondheim.
– Eg er nøgd med helga. Vi tok dei to poenga vi hadde som målsetting å ta, fortel trenar Gitte Torp.
Malvik HK 93 - Os 25-16 (14-3)
Utv: Malvik 2x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Malene Tysnes, Irmelin Catarina Munch Lund, Bente Mjanger 4, Mia Torp Nielsen 5, Jenny Malene Lundervik Sælen, Oda A Lekve, Stina Nordvik Sørstrønen, Irmelin Birkeland Sandven, Regine Sten, Thiet Dang, Liv Pauline Lunde 5, Anne-Grethe Karstad, Vilde Engelsen 1, Malin Furnes Mikalsen, Christine J Moberg 1.
Arrangørlaget Malvik var det første laget Osjentene møtte i debuten i Bringserien.
– I første omgangen var vi veldig prega av nerver. Difor blei det eit stygt resultat til pause. Vi speler oss til gode sjanser, men vi set dei ikkje. I tillegg var det mykje rusk i forsvar.
– Andre omgangen er betre. Då hevar vi oss og vinn den med to mål. Malvik var eit godt lag, vi blei fortalt at dei hadde vunne alle kampane sine i serien. Bente Mjanger blei kåra som vår beste spelar i kampen, fortel Torp.
Os - Ski 21-26 (11-14)
Utv: Os 4x2 min, Ski 4x2 min
Os sitt lag: Malene Tysnes, Irmelin Catarina Munch Lund 2, Bente Mjanger 6, Mia Torp Nielsen 1, Jenny Malene Lundervik Sælen, Oda A Lekve, Irmelin Birkeland Sandven, Regine Sten 1, Thiet Dang 8, Liv Pauline Lunde 3, Anne-Grethe Karstad, Vilde Engelsen, Malin Furnes Mikalsen, Christine J Moberg.
Etter å ha fått rista av seg debutnervene i første kamp laurdag, sto Akershus-laget for tur.
– Vi gjer ein grei kamp mot Ski og har ei fair sjanse, men dei er litt betre enn oss heile vegen. I denne kampen blir Thiet Dang kåra til vår beste spelar av ein jury i hallen.
Elverum - Os 22-25 (12-14)
Utv: Elverum 3x2 min, Os 4x2 min
Os sitt lag: Stina Nordvik Sørstrønen, Malene Tysnes, Irmelin Catarina Munch Lund 2, Bente Mjanger 2, Mia Torp Nielsen 7, Jenny Malene Lundervik Sælen, Irmelin Birkeland Sandven, Regine Sten, Thiet Dang 5, Liv Pauline Lunde 7, Anne-Grethe Karstad 2, Vilde Engelsen, Malin Furnes Mikalsen, Christine J Moberg.
Søndagens einaste, og rundens siste, kamp gjekk mot østerdalslaget Elverum. Dette var kampen Os på førehand hadde sett seg ut som kampen dei skulle vinna.
– Vi tar leiinga frå start og held på den heile vegen. Elverum er aldri forbi oss. Eg føler vi har god kontroll på kampen, sjølv om det ikkje blir siger med meir enn tre mål. På det meste er vi vel oppe i fem foran eit stykke ut i andre omgangen. Juryen kårar i denne kampen Mia Torp Nielsen som vår beste spelar.
– Det at vi har tre forskjellige spelarar som blir kåra til vår beste spelar tykkjer eg er veldig kjekt. Det viser litt av breidden vi har i laget.
– Ein annan ting som er kjekt å sjå, er at den planen vi la då vi klarte kvalifiseringa har fungert. Vi har trent mykje og hardt sidan i byrjinga av desember. Spesielt har det gått på kondisjon og styrke. I dei tre kampane i helga ser vi at vi får att for det. Jentene holder heile vegen og vi unngår skader, seier Torp.
God lærdom
Laget er det første Os-laget som spelar den nasjonale serien på tre år.
– Det blei veldig mye nytt, både for jentene og for oss på sidelinja. Dei andre laga hadde spelarar som var med også i fjor og hadde med det litt meir erfaring frå kor nivået ligg. Det blei litt prøve og feile for vår det, men eg føler vi ikkje ligg så langt bak dei andre som eg kanskje frykta på førehand.
– På dette nivået er det tøffe og fysiske kampar. Vi ryk ut på eindel to-minuttarar, men heller det enn at jentene berre står og ser på. Eg trur vi har spelt på oss sjølvtillit før neste runde i februar.
Fekk alt lagt tilrette
Trenaren skryt ikkje berre av jentene, som representerte Os på ein god og fin måte på tur.
– Foreldra vi hadde med oss fortener all mogleg skryt. Dei var eineståande og ordna alt for oss. Dei fiksa lunsj og løp rundt og lurte på kva vi trengde.
– For oss som trenarar var dei ei uvurderleg hjelp, avsluttar Gitte Torp.