Lokal | 27. aug. 2013
Tok par på fersken
Ein mann og ei kvinne blei bortvist etter "usømmeleg åtferd" i ein krok utanfor Os Gymnas.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 27. aug. 2013 09:26
Måndag kveld i 22.10-tida kom politipatruljen over eit par i aksjon i ein litt bortgøymt krok på Os Gymnas.
– Dei to blei vist vekk frå staden, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Paret er neppe elevar ved skulen.
– Kvinna er rundt 30 år, mannen rundt 40 år, opplyser politiet.