Lokal | 18. jan. 2016
UP tok to på Thuen
Politiet i Os hadde promillekontroll søndag morgon, UP hadde fartskontroll søndag kveld.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. jan. 2016 09:15
Søndag morgon sto politiet i Os på E39 på Søfteland for promillekontroll.
I løpet av ein time blei 30 bilistar kontrollerte, ingen av dei førte til reaksjonar.
I 21-tida søndag sto UP på Lepsøyvegen med fartskontroll mellom Thuen og Solbakken igjen.
– Dei melder om lite trafikk, men to fartssyndarar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Det blei ikkje førarkortbeslag denne gongen, men forenkla forelegg på begge to.