Lokal | 03. mai 2013

Tok overdose på bussen

Torsdag kveld blei ein mann tatt for promillekjøring på Ulven, natt til fredag låg ein busspassasjer strak ut.

Tok overdose på bussen
Politiet rykte ut til Osøyro terminal då ein mann låg nesten livlaus om bord på ein buss. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mai 2013 09:28

Torsdag rundt klokka 21.30 blei ein bilførar stoppa i Ulvenvegen.

– Førar, ein mann i 30-åra, er mistenkt for promillekjøring, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Klokka 01.20 natt til fredag fekk politiet melding om ein busspassajser i 20-åra som låg nesten livlaus i ein buss på Osøyro terminal.

– Han pusta, men var bevisstlaus. Ambulansepersonell tok seg av han, men vi mistenker bruk av narkotika og har oppretta sak, fortel Sperrevik.

Ransaking og snoking

Torsdag var politiet på ransaking i ein bustad, hos ein som er mistenkt for heleri.

– Vi fann ingenting.

Politiet fekk også melding om ein som gjekk å snoka rundt bilar på parkeringplassen på AMFI Os.

– Han forklarte at han berre var litt interessert i bilar. Vedkomande er utestengt frå Amfisenteret, så han blei vist vekk frå staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.