Lokal | 03. apr. 2013

Tok innbrotstjuvar på fersken

Politiet fekk i går melding om svindelforsøk, mystisk bil på Skorvane, innbrotsforsøk i bil og ei kvinne som låg i vegbanen på Osbrua.

Tok innbrotstjuvar på fersken
Ambulanse og politi rykte ut då det i går låg ei kvinne i vegbanen på Osbrua. Årsaka var helse, ikkje trafikkuhell. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. apr. 2013 09:50

Tysdag i 23-tida fekk politiet melding frå ein som oppdaga innbrotsforsøk i sin eigen bil i Industrivegen.

– Vedkomande hadde fått tak i to jenter som innrømte å ha prøvd å bryta seg inn i bilen, men partane ordna opp seg imellom så forholdet blir ikkje meldt, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Låg på Osbrua

I 16-tida i går låg det ei kvinne i vegbanen på Osbrua, rett utanfor vindauget på lensmannskontoret.

– Det var ikkje snakk om noko trafikkuhell, men eit helseproblem. Kvinne blei tatt hand om av ambulansepersonell.

Fekk forelegg

Politiet hadde trafikkontroll på Strønevegen tysdag i 17-tida.

25 bilar blei kontrollert, éin bilførar fekk forelegg for mangelfull sikring av barn i bil.

Svindelforsøk

Ein Midtsiden-lesar tipsa i går redaksjonen om nytt forsøk på datasvindel i Os. Fleire gongar det siste året har osingar blitt oppringt av engelsktalande personar som seier dei er frå Microsoft og at dei har avdekka virus på maskina til dei dei ringer til.

Svindlarane får folk til å oppgje både passord, personalia og kredittkortnummer, noko som seinare blir brukt til svindel.

– Det var ein som ringte mora mi, som ikkje har pc. Men ho var på veg til å starta far min sin pc då eg stoppa ho. Spesielt eldre folk har nok lett for å bita på, åtvarar tipsaren.

Politiet fekk i går ein telefon frå ei som på påskeaftan fekk engelsktalande folk på døra som ville legga stein i innkjøringa hennar. Ho avviste dei, men tipsa politiet.

– Desse utanlandske asfaltarbeidarane har i utgangspunktet lovlege firma, men det viser seg ofte at prisen blir ein annan enn kva som er avtalt muntleg, og at selskapa tar svart betalt.

– Det er nok rett å avvisa slike folk, men om du vel å bruka tenestene deira så bør du vera nøye og få mest mogleg skriftleg.

Mystisk bil?

Politiet har blitt tipsa om ein bil som folk på Nore Neset har reagert på.

Ein sølvgrå liten varebil har stått parkert i eit nabolag, med folk i bilen, frå cirka klokka 3 til 5 om natta fleire netter i veka.

– Det kan godt henda at det er ei naturleg forklaring på dette, men vi er glade for at folk er vakne og tipsar oss, seier politiet, som førebels ikkje har sjekka ut bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.