– Tok heilt av!
Dagfinn Lyngbø med ekstraframsyning i Oseana. – Billettane har gått unna som varme kveitebollar, smiler Astrid Heggland.
Tysdag blei det kjend at Dagfinn Lyngbø kjem til Oseana med showet "Stereo" torsdag 3. april.
Berre to dagar seinare er showet utseld.
– No opnar vi salet for ekstraframsyning.
– Rune Viken i Latter seier det ikkje var uventa at billettane skulle gå unna, for Dagfinn har eit stort og entusiastisk publikum på Os.
– Men at det skulle gå så fort hadde vi ikkje trudd, seier salssjef Astrid Heggland hjå Oseana.
Salsstorm
Arrangørane fortel om salsstorm og stor rift etter billettane.
– Etter at det blei kjend, mellom anna på Midtsiden, at Dagfinn Lyngbø skulle besøka Oseana, har det vore den reinaste salsstormen.
– Billettkontoret på kultursenteret har gløda og billettane blei røska bort i løpet av kort tid, fortel Rune Viken hos Latter.
– Det er ingen grunn til å fortvila. Dagfinn speler ei ekstraframsyning klokka 21.30, så sjansen til å få det med seg er framleis der.
– Men etter salstempoet på den første framsyninga så kan det løna seg å vera kjapt ute, tipsar Viken.
Billettane kjem i sal frå klokka 9 fredag.