Tok fire fartssyndarar i 70-sona
Fartskontroll, påkøyrd hjort og trailerhavari.
Torsdag formiddag i 10.30-tida gjennomførte politiet ein laserkontroll i 70-sona på E39 Halhjemsvegen.
– Det blei skrive ut fire forenkla førelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Høgaste målte fart var 86 km/t.
Det er akkurat nok til at førelegget aukar frå 5050 til 7050, og frå null til to prikkar.
Det blei sjekka for promille, utan at det gav utslag hos nokon.
Påkøyrd hjort i Mobergsbakken
Klokka 21.13 på kvelden fekk politiet melding om påkøyrd hjort i Mobergsbakken.
Ingen blei skadd, men bilen fekk knekt spegl og øydelagt blinklys.
Hjorten sprang frå staden, og viltkontakt blei varsla.
Havari i tunell
Tidlegare på dagen, rett før klokka 16, fekk politiet melding om køyretøystans i slutten av Skogafjelltunnelen retning Bergen.
– Det var en trailer med kran, men uten last, som hadde stoppa. Den har kanskje fått lås på brems.
Vegtrafikksentralen stengte høgre felt. Førar fekk heva det låste hjulet og kunne køyra vidare etter ganske kort tid. Klokka 16.20 var det normal trafikk i tunellen igjen.
Litt over midnatt rykte politi og brannvesen ut på melding om brann: