Handball | 25. feb. 2013

Tok fighten og vann

Handballjentene til Os vann tre av tre kampar i den nasjonale Bringserien og kjempar om sluttspel-plass. - No er det opp til oss sjølv, meiner Kenneth Husebø.

Tok fighten og vann
Anna Bjørke Kallestad, Hanne Sørstrønen og Stine Færøvik blei kåra til Os sin beste spelar i kvar sin kamp i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 25. feb. 2013 16:11

16 års-jentene til Os har så langt levert ein svakare sesong enn mange trudde. Dei var tippa som eit av topplaga i den nasjonale Bring-serien, men har slitt med å få uttelling. I helga kom endeleg full pott med siger i tre kampar og seks poeng.

- Kampane i helga retta mykje opp på det.

- I helga tok jentene fighten og kriga det dei kunne både i angrep og forsvar, fortel ein nøgd Kenneth Husebø.

Var aldri uroa

Laurdag slo dei Sola 21-20 og Førde 27-23.

- Sjølv om kampen mot Sola blei jamn, var eg aldri uroa for at vi ikkje skulle ta med oss båe poenga.

- Det var noko med tempoet og innsatsviljen jentene viste som gav meg trua.

- I kampen mot Førde låg vi foran heile vegen og styrte. Sjølv om Førde tok litt innpå i andre omgangen, så hadde vi grei kontroll på kampen, analyserar Husebø.

Tre forskjellige bestemannsprisar

Også i helgas siste kamp på sundagen mot arrangørklubben Tastavarden tok Os-jentene ein grei siger 28-21.

- Igjen var det ein kamp vi hadde god kontroll på.

Ekstra kjekt tykkjer trenaren at han fekk tre forskjellege spelarar som blei kåra til Os sin beste spelar i kampane.

- I første kampen blir Anna Bjørke Kallestad kåra til vår beste, før Stine Færøvik og keeper Hanne Sørstrønen blir det i dei to siste, fortel Ostrenaren.

Ligg to poeng bak

Sluttspelet i Bringserien spelast mellom dei fire beste i kvar av dei tre puljene. Før det heile skal avgjerast skal det spelast ei siste innleiande runde.

Osjentene møter då serieleiar Gneist, som så langt er ubesigra, tabell-firar Åssiden og Gjøvik HK som ligg på 8. plass. Sjølv ligg Os to poeng bak Åssiden på femte plass.

- No er det berre opp til oss sjølv.

- Vi skal kunne slå alle desse tre laga, men då må vi skru opp fighter-instinktet, tempoet og gutsinga enno eit hakk.

- Sluttspelet er innan rekkjevidde, og vi skal gjera alt for å nå det, forsikrar Husebø.

SJÅ TABELLEN

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.