Tok eit tak
Torodd Rimstad har fått Pagan’s Mind til Os. I dag tok han i eit tak for å marknadsføra konserten.
Torodd Rimstad frå Porsgrunn flytta til Os for fire år sidan. Han har sjølv vore aktiv i fleire band, og vaks opp i same miljø som rockarane i Pagan’s Mind.
- Dei er ein gjeng utruleg gode musikarar, eg er ikkje overraska over den suksessen dei har hatt, seier Torodd.
Flaggskip
Pagan’s Mind blir kalla Noregs flaggskip innan progressiv heavy metal. Bandet blei starta i 2000, og har gjeve ut fire studioalbum. I fjor kom også konsertalbumet Live Equation. I 2008 var dei på turné i Europa, i 2009 spelte dei i nærmare 20 amerikanske og canadiske byar.
I Noreg er Pagan’s Mind blant anna kjent for Odd Grenland-songen «Helter fra Telemark».
Sa ja
Han er initiativtakar til Pagans Mind-konserten på Bar2Be fredag 12. februar, og trengte ikkje spørja to gongar for å få bandet over fjellet.
- Eg fortalte om det levande og gode rockemiljøet i Os og dei var med på tanken med ein gong. Sidan det berre er kapasitet til rundt 200 på Bar2Be trengte dei ein ekstra gig i området før dei ville reisa, så då blei det konsert på Garage i Bergen laurdagen.
Oppvarmingsband frå Os
Billettane til konserten har lagt for sal ei stund, men det er framleis billettar igjen.
- Vi har selt ein del av dei 150 som går på førehandssal, men sparar uansett 50 billettar som vi skal selja i døra.
Som support stiller det lokale hardrockbandet Neoplasma. Bandet består av Patrick Gaassand (vokal), Martin Aarland (gitar), Christer Havsgård (gitar), Ivan Rolstad (bass) og Michael Hansen (trommer).
Eksterne lenkjer:
www.pagansmind.com
www.myspace.com/neoplasma
Under bilda kan du sjå musikkvideoen til Pagan’s Mind-låta Through Osiris Eyes