Sport | 18. nov. 2012

Tok bronse i Heerenveen!

– Eg skjønte tidleg at det var eit bra løp, men var spent på om det heldt til plass på pallen, seier Sverre Lunde Pedersen etter at han i dag tok sin første individuelle verdscupmedalje.

Tok bronse i Heerenveen!
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 18. nov. 2012 18:54

I helga var Sverre Lunde Pedersen og resten av landslaget i Heerenveen for å gå verdscup.

Det unge skøyteesset frå Os, som no er i sin første seniorsesong, har hevda seg på seniornivå før. Men bortsett frå i lagtempo har han fram til i dag ikkje tatt medalje.

– Det var utruleg deilig å koma på pallen, seier Sverre på telefon på veg til flyplassen.

Han gjekk inn på tida 1.46,54 på 1500 meter, den beste tida han nokosinne har gått på europeisk is.

– Men eg gjekk tidleg, så eg var spent på om det ville halda heilt inn, seier Sverre.

Håvard Bøkko tok sølv med tida 1.46,40, Maurice Vriend frå Nederland vann på 1.46,13.

Fredag tok Sverre 9. plass på 5000 meter, også då plassen bak Bøkko. Laurdag blei det 6. plass i lagtempo.

No ventar to verdscuphelger på rad, onsdag går turen til Russland, i neste veke reiser Sverre til Kazakhstan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.