Politi | 23. nov. 2021
Tok beslag i knokejern
Politiet kontrollerte rusa mann.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. nov. 2021 09:09
Måndag i 21-tida kontrollerte politiet ein mann dei møtte utanfor Os sentrum.
– Han erkjente både bruk og besittelse av mindre mengde narkotika, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Vedkomande, som er i 20-åra, hadde også på seg eit knokejern. Han erkjente besittelse av dette også.
Ifølgje våpenforskrifta er det ulovleg å kjøpa og å «inneha» slåsthanske. Knokejern blir definert som slåsthanske.
Mannen blei dimittert på staden, politiet har oppretta sak.