Sport | 13. okt. 2013

Tok berre eitt poeng

Lysekloster har ein imponerande debut i 3. divisjon, men hamna to poeng bak serieleiar Stord i nest siste runde.

Tok berre eitt poeng
Baste sette inn 0-1-målet borte mot Kopervik laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. okt. 2013 09:34

Lysekloster har lagt på og rett under toppen av tabellen store delar av sesongen, men etter to bortetap på rad låg dei a-poeng og 20 i målforskjell bak serieleiar Stord før nest siste runde blei spelt laurdag.

Heller ikkje i denne runden blei det full pott til Lysekloster.

Kopervik - Lysekloster 1-1
Målskårar, Lysekloster: Baste Jonassen

– Eg følte vi hadde full kontroll på kampen, men det blei dessverre med mitt eine mål, seier Baste til Midtsiden.

Stord vann 0-1 borte over Åkra og drog med det to poeng ifrå før siste runde.

Tviler på opprykk

Stord møter Vardeneset på 3. plass i siste runde, Lysekloster møter Fyllingsdalen 2, som ligg nest nedst på tabellen.

Likevel trur ikkje Baste på at dei kan innta førsteplassen og ta sitt femte opprykk på rad.

– Det kan godt henda at Vardeneset slår Stord, men vi får nok ein tøff heimekamp. Fyllingsdalen har i dei siste rundane toppa opp andrelaget sitt for å berga plassen, og stiller nok knallsterkt i Lysefjorden neste helg, trur Jonassen.

Siste runde, som for Lysekloster sin del går på heimebane, startar klokka 15 laurdag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.