Tøft pulkløp over Vidda
Thomas Andersen kom i dag i mål etter å ha prøvd å forsvara tittelen i 100 km lange Expedition Amundsen.
Expedition Amundsen går 100 km på ski, opp 3500 høgdemeter, med pulk på 40 kilo på slep, i den kjente polfararen Roald Amundsen sine fotspor, frå Haukeliseter til Maurset.
Salomon-løpar Thomas Andersen frå Os vann pulkløpet då det var nytt i 2010 og kom på 2. plass i 2011 før han både i 2012 og 2013 stakk av med sigeren igjen.
Les òg: Thomas vann med god margin
I år låg han i tet, men hamna på 2. plass.
God start og rask tid
I 13-tida torsdag starta årets Expedition Amundsen.
Andersen starta bra og var i tet inn til første sjekkpunkt, rundt 24 km ut i løpet.
– Det gjekk veldig fort, 20 minutt raskare enn rekorden min i 2012, fortel Thomas.
Fekk ikkje spor å gå i
Men konkurrentane er ikkje utrente dei heller, i tillegg er det lagt opp til mykje taktikk.
– Fire av dei åtte timane med obligatorisk pause kan takast i valfri lengde. Eg tok ein pause på ein time på første sjekkpunkt, i håp om å få eit lag til å gå ut før meg, at eg slapp å halda fram med å laga spor.
– Men då vi byrja å gå igjen så var det kuling og tett snøvêr, så eg fann aldri spor å gå i og måtte halda fram med å brøyta veg.
Dei som går som lag har langt lettare pulk enn obligatoriske 40 kilo som individualistane må gå med.
– Kunne blitt meir spennande
Mellom første og andre sjekkpunkt skjønte Thomas at kampen om førsteplass var tapt.
– Eg forsto at det å gå åleine og laga spor mellom nye to sjekkpunkt ville bli for tidkrevjande, at nokon ville få betre tid enn meg.
Norseman-deltakar Lars Christian Vold, som i fjor vann Bodø Triatlon, kom seg inn til andre sjekkpunkt på betre tid og heldt leiinga til mål.
– Vold er ein veldig sprek fyr. Det var synd at ikkje vi låg tettare mot slutten, så kunne det blitt eit veldig spennande løp for begge inn mot mål.
Thomas har framleis rekorden
Vold brukte 21 timar og 56 minutt på løpet, inkludert 8 timar (4+4) obligatorisk pause, litt bak Thomas sin rekord frå 2012.
Thomas kom i mål på 2. plass med tida 22 timar og 54 minutt, cirka 3 timar raskare enn i fjor.
– Eg har halde på med innflytting i nytt hus, så det har ikkje blitt tid til førebuingar på ski.
– Men eg har trent bra og den gode tida inn til første sjekkpunkt er ei fin stadfesting på at formen er som den skal vera.
Morten Laupsa-Borge kom på 3. plass, då han gjekk i mål ein dryg time etter Andersen.
Sjå arrangøren si heimeside for fleire resultat.
Frankrike neste
Neste styrkeprøve for Thomas blir 29. mai. Då skal han for første gong delta i det 85 km lange ultraløpet Maxi Race i Annecy i fjella aust i Frankrike.
– Eg har høyrd rykter om at dette blir VM-ruta neste år, så eg tenkte det kunne vera greit å gjera seg kjent i terrenget.
Så står Salomon Xreid frå Dyranut til Gaustadtoppen for tur før nytt ekstremløp i Mt Blanc, der Thomas hamna på pallen i fjor.
Les òg: Brølte av glede
– I år deltar eg i det lengste løpet, UTMB, som er 168 km langt, fortel Thomas, som i fjor og i 2012 presterte svært godt i 119 km lange TDS.