Lokal | 09. jan. 2010
Tøffast i Os?
Enkelte får det rett og slett ikkje kaldt nok.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. jan. 2010 02:01
Det er ikkje første gong Eva Stigen, Julia Våge og Veslemøy Lekven Moberg hoppar i sjøen tidleg på året, 10. februar i 2008 møtte Midtsiden.no den spreke venninnegjengen på brygga utanfor Vindu mot Fjorden.
- Den gong var det det tidlegaste vi har vore uti, men 8. januar er ny personleg rekord, seier Eva.
Fredag var nemleg dei tre i sjøen igjen, denne gong i Steinnesetfjero.
At det i går var rundt 20 minusgradar i lufta er nok også ny rekord, og truleg ein rekord som blir ståande ei stund.
Kjenner du andre som gjev blaffen i kulda?
Tips oss på mobil/sms 90 78 92 70 eller epost kjetil@midtsiden.no