Tøffar seg i Tyrkia
– Oppløftande, oppsummerer Nielsen frå treningsleiren i Tyrkia. Os har spelt to treningskampar og klart seg bra i begge.
I kveld reiser A-laget til Os heim etter ei veke på treningsleir i Tyrkia.
27 spelarar, 4 trenarar og støtteapparat og 12 familiemedlemmar har budd på Topkapi Palace Hotel i Alanya, og hovudtrenar Tore Nielsen fortel om eit godt opphald.
– Vi har hatt to økter for dagen på svært gode grabanar ved hotellet, 10 minutt frå hotellet og i golfparadiset Belek, som ligg ein time unna.
– Presterte godt
To kampar har det også blitt. A-laget møtte andrelaget til det ukrainske topplaget FK Metalist Kharkiv tidlegare denne veka.
Kampen enda med 0-2-tap.
– Laget heldt Adecco-nivå og vi presterte oppløftande, synest Nielsen.
– Vi hadde god struktur, kunne fint ha skåra tre mål og Tore og Stian spelte svært godt sentralt på midten.
Os sitt lag: Frode Øvredal - Børge Borgen, Per Søgnen Merai, Stian Bakke, Torkel Hjertnes - Tore Valvik, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Mats Lepsøe, Egil Thuen - Christer Olsen.
Andrelaget slo Bremnes
Dei som ikkje spelte mot det ukrainske laget fekk fredag prøva seg mot Bremnes, som Os 2 hadde i serien i 5. divisjon i fjor.
Os 2 tapte i fjor 0-2 heime og vann 3-2 borte over Bremnes, som kom på 2. plass på tabellen (Os 2 vann serien).
Treningskampen i Tyrkia enda 2-1 til Os etter skåringar av Espen Borgen og Tor Erik Kjosås Berge.
– Det blei ikkje ein god kamp, men vi var det førande laget. Bremnes låg lågt og venta på overgangar, og hadde to raske på topp som skapte litt bry for oss, fortel Terje Kvittingen.
– Men det var betryggande å sjå at gutane har tatt nokre steg i vinter.
Volleyball og apefakter
Utanom øktene på banen har osingane fått kosa seg i sola og brynt seg i andre idrettar.
Sandveolleyball slo an, og det blei handletur og besøk i dyrehage ved stadion i Belek.
– Damene som er med blei så sjarmert av nokre apekattar at dei kom for seint til kamp, ler Kvittingen, klar for siste treningsøkt og heimreise til kalde Os.