Tøff start i ny divisjon
Os 2 fekk det tøft i comebacket i 4. divisjon, Søfteland og Nore Neset tapte sine første rundar i 5. divisjon.
Alle seniorlaga frå Os som rykte opp i haust opna årets serie på bortebane. Ingen tok poeng.
Lysekloster tapte i går 2-1 borte for Lørenskog i 2. divisjon, Os 2 tapte i dag 6-0 for Sund, Søfteland tapte fredag 2-0 borte for Djerv og Nore Neset tapte 6-3 for Sotra 2.
Møtte god motstand på gras
Os 2-trenar Odd Jarle Hjelle fortel at dei raskt hamna under borte mot Sund, som kom på 3. plass i 4. divisjon i fjor.
– Vi starta dårleg og då vi endeleg byrja å få til spelet vårt, og skapte nokre sjansar, så kom måla imot. Dei hadde ein lynrask spiss som vi sleit ein del med, Thomas Spilde, som skåra fire mål på oss.
Det sto 4-0 til pause. På tampen av første omgang fekk vertane ein spelar utvist.
– Vi bretta opp ermene for å kjempa oss inn igjen med éin mann meir, men det første som skjedde etter pause var at Sund gjekk opp i 5-0.
Os 2, troppen: Kasper Færøvik, Anders Skaar, Peder Lyssand, Markus Sørås Bjørnevik, Thomas Lunde Fosen, Erlend Sørås Storebø, Vegard Hjelle, Anders Havsgård, Fabian Bødtker, Erlend Østgulen Hevrøy, Tom Gabriel Ø Rondestveit, Fredrik Haustein, Christoffer Ø. Hevrøy, Eric Skorpen, Glenn Krossøy og Mats Lepsøe.
Neste lokale rundar i 4. og 5. divisjon:
Nore Neset - Bremnes fredag 15. april kl 18.30
Søfteland - Nordnes laurdag 16. april kl 13.00
Os 2 - Telavåg søndag 17. april kl 16.00
Os 3 og Nore Neset 2 speler i same avdeling i 7. divisjon, dei startar ikkje serien før 23. og 24. april.