Lokal | 28. des. 2017

Tøff og ærleg

Jonny Christensen ser tilbake på 27 år som hovudtillitsvald i Os kommune. – Eg er stolt av det eg har fått til.

Tøff og ærleg
Gjennom 27 år har Jonny Christensen vore hovudtillitsvald i Os kommune (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. des. 2017 14:18

Fem ordførarar har Jonny Christensen brynt seg på gjennom 27 år som hovudtillitsvald for Fagforbundet før han no går av.

– Eg blei første gang vald i 1990. Då var det Ole Haakon Lunde som var ordførar. Etter det har det vore Annlaug Tysseland, Geirmund Dyrdal, Terje Søviknes og no sist Marie Bruarøy.

– Det er noko heilt anna i dag. No har dei laga ein god arena til oss. Det var ikkje slik i starten. Det trepartssamarbeidet som har prega kommunen dei siste åra er unikt i Noreg og noko eg er stolt over at vi har fått til. Det er god takhøgde både i administrasjon og politisk no, seier Christensen når vi ber han sjå tilbake på dei 27 åra.

Stakk kjepper i hjula for kvarandre

Den frittalande tillitsmannen legg ikkje skjul på at det av og til har gått hardt for seg.

– Eg sleit veldig med Terje dei første to og eit halvt åra. Vi øydela AMU (Arbeidsmiljøutvalet, journ.mrk) for kvarandre annan kvart år då vi vi bytta på å ha leierskapen og med det også dobbeltstemme. Dei to åra skjedde det ingenting, vi berre øydela for kvarandre.

– Eg sleit også med Knut Terje (Rekve, tidlegare rådmann, journ.mrk). Vi turte ikkje stola på kvarandre. Til slutt var det Laila Reiertsen som syntes at det var for gale at vi ikkje klarte senka guarden, så ho kalte oss saman og var med eit kvarter kor vi fekk klar beskjed om å skjerpa oss. Plutseleg trur eg ho merka at det skjedde noko og etter det hadde vi eit veldig godt forhold. Det går på tillit, og den fekk vi til kvarandre.

– Den tilliten har eg også hatt med Terje, Marie og no Christian Fotland som rådmann. Hen er forresten ein av dei beste i heile landet. Vi kan ha fortrolege samtaler som vi er trygge på ikkje går vidare.

Stilte spørsmålet han ikkje skulle

Han fortel om ei episode då Fotland skulle intervjuast til rådmannstillinga.

– Eg hadde hatt møte med gruppeleiarane for å høyre kva dei meinte eg burde spørra om. Eit spørsmål eg fekk å stilla var om han kunne spyla.

– Terje meinte at det kunne eg ikkje spørja om. Men då svarte eg berre at jau, det kan eg. Og slik blei det.

Tøff i kjeften

Og nettopp den direkte væremåten og dei direkte spørsmåla til Jonny har ikkje alltid vore lett.

– Eg har hatt som ein leveregel at eg skal vera ekte. Då veit folk kva dei får og dei kan tur på deg. Det er ikkje alle som har likt kjeften min, men eg har alltid vore dønn ærleg anten det har vore med ordførar, rådmann eller mine eigne medlemmar. Eg blir ikkje flau av det eingong. Frå meg får du reine ord for penga, til og med nokre saftige av og til òg om det trengs.

– Eg skal knusa dokker

Eit døme på den tøffe kjeften hans kom til syne då kommunen skulle nedbemanna med 71 heile årsverk i 2001. Os var då av dei første kommunane i landet som satte i gang ein så storstilt slankeoperasjon, men som hovudtillitsvald ville Christensen det annerleis.

– Eg hugser eit møte i Fjellheim kor medlemmane mine var, men kor også Terje og dåverande rådmann Lars Atle Skorpen var til stades. Det var også media. Og dei fekk høyre at eg sa at ein berre kunne gløyma oppseiingar. Eg sa eg skal knusa dokker, eg vinn alt av saker som kjem i retten, og peika på Terje og rådmannen. Det funka. Det blei ikkje ein oppseiing, sjølv om det var mange som slutta.

– Det var ein tøff prosess å stå i, med alle dei store TV-kanalane og riksavisene på plass. Det var jo trass alt ein kamp mellom fagforeninga og eit blå blått politisk styre. Eg var jo ikkje vant til å stå på TV og alt eg sa var nok ikkje like klokt.

– Angrar du noken gang på den tøffe stilen?

– Ja. I den same saka, så trur eg det var TVNorge som skulle intervjua meg, rådmannen og Terje. Dette var rett før jul, så dei lurte på om eg ikkje ville ønska dei ei god jul. Eg svara, Nei, dra til h...... og slo handa vekk. Det angrar eg på. Ikkje eingong då dei kom tilbake ein time etterpå så hadde eg endra meining og sa det same igjen.

– Eg skulle ikkje sagt det på TV, eg skulle brukt andre ord. Det snudde nok stemninga litt også for korleis media såg på saka, innrømmer han.

Fagforeninga sitt utstillingsvindauge

Os kommune blei, og blir dels framleis sett på, som Frp sitt utstillingsvindauge.

– Korleis har det vore å driva fagforeningsarbeid i det utstillingsvindauge?

– Os er vårt utstillingsvindauge. Vi har nesten ikkje konkurranseutsetting, og det tek eg mykje av æra for. Med eit blå blått styre skulle ein jo tru at vi nesten ikkje skulle hatt kommunale arbeidsplassar og at alt skulle bli gjort av private, men slik ar det ikkje blitt.

– Det trur eg skuldast at vi også har vore villige til å sjå på løysingar og om ting kunne gjerast annerleis. Ein må kunne diskutera og ikkje berre stå på krava. Eg diskuterer like gjerne med administrasjon, politikarar og eigne folk. Det handlar om involvering og å la dei det gjeld vera med på å finna løysingane sjølv. Det blir folk motiverte av.

Blir i kommunen

Sjølv om han ikkje lenger skal vera hovudtillitsvald for Fagforbundet, så blir Os kommune framleis arbeidsplassen hans.

– Eg kan jo ikkje gå tilbake til jobben eg hadde som vaktmeister i Fjellheim for 27 år sidan. Til det har tida løpt frå meg, men eg blir framleis i kommunen. Kva arbeidsoppgåvene blir er ikkje heilt avklart enno, men eg blir nok synleg for osingane også framover, avsluttar Jonny Christensen som ser fram til å få litt betre tid til seg sjølv og kjæresten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.