Politi | 05. mars 2024

To syklar stole frå same stativ

Viss din sykkel var sakna, korleis ville du skildra den?

To syklar stole frå same stativ
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 05. mars 2024 09:32

Måndag i 19.30-tida fekk politiet melding om tjuveri av to syklar.

– Det sto parkert i stativ tilknytt ein bustad aust for Oselvo, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Dei sakna syklane er syklar for vaksne, den eine er grøn, den andre er blå og kvit.

– Det er foreløpig ingen mistenkte. Vi ventar at forholdet blir meldt.

Politiet kjem samtidig med nokre oppfordringar til sykkeleigarar:

  • Bruk sykkel-lås
  • Hugs å merka sykkelen din, gjerne med ID-merking
  • Skriv namnet ditt på sykkelen på ein stad som ikkje er lett synleg
  • Ta bilde av sykkelen og noter deg rammenummer

– Det hender at vi kjem over syklar som nokon har sett frå seg. Viss vi har rammenummer eller anna merking, er det lettare for oss å veta om den er stolen og å finna eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.