To personar har hamna i sjøen nær Vinnes
Ein båt i nærleiken skal ha plukka begge opp.
Brannvesenet rykker ut med lokale ressursar etter ei båtulykke i Kistevika, opplyser 110 Vest på Twitter litt før klokka 11 i dag.
Kistevika er litt sør for Vinnesholmen.
– Ein båt har velta og to personar er i sjøen, fortel Vest politidistrikt klokka 10.52.
Luftambulanse, politi og brannvesen med redningsdykkarar rykte ut til staden.
– Både ambulansebåten «Rygervakt» og Redningsselskapet sin «Kristian Jebsen» er straks på staden, seier vakthavande ved 110-sentralen til Midtsiden.
I 11.15-tida kom det melding om at ein båt i nærleiken skal ha plukka opp dei to personane.
OPPDATERT kl 11.35:
– To personar har kome på land. Dei er i god form, opplyser Vest politidistrikt.
Det er stadfesta at det ikkje er fleire personar i sjøen.