To nytilsette i Midtsiden
Utvider redaksjonen med Elin Johnsen og Marie Ingeborg Kroka.
Midtsiden har i haust lyst ut ledige stillingar.
– Abonnementsmassen veks, og vi har ambisjonar om vidare auke. I haust kvalifiserte vi òg for pressestøtte, noko som gir ekstra rom og tryggleik til etterlengta utviding, seier ansvarleg redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.
Intervjua blei gjennomførte på nyåret, og no er to av kandidatane tilsett.
Elin Johnsen (44) og Marie Ingeborg Kroka (35) er tilsett, og har allereie denne veka sine første arbeidsdagar.
– Dei framstår som samfunnsbevisste, engasjerte og svoltne på å skapa godt innhald til lesarane våre, seier redaktøren nøgd.
Begge er tilsette i deltidsstillingar. Dei blir kollega med underteikna, redaktøren og med Nora Flatseth Trippestad, som no er i låg stillingsprosent mens ho studerer i Oslo.
Midtsiden lyste òg ut heiltidsstilling, men kandidatane som er mest i tråd med det vi søkte etter er i hovudsak tilgjengelege kveld og helg.
– Dei to nye kollegaene våre bur begge i Os, har gode nettverk og gjorde positivt inntrykk i jobbintervju.
Elin er utdanna allmennlærar med tilleggsutdanning frå HiB, NLA og UiB, og jobbar som kontaktlærar ved Kuventræ barneskule, ein jobb ho blir verande i mens ho jobbar for Midtsiden.
– Sønene byrjar å koma i slutten av tenåra, og eg har fått ein del ledig tid. Eg liker godt å skriva, å arbeidd som journalist ved sidan av lærarjobben verkar forlokkande og spennande, seier Elin.
Marie er utdanna biokjemikar og pedagog. Ho har jobba som lektor i vidaregåande skule og ungdomsskule sidan 2012.
Dei siste åra har ho vore tilsett ved Os ungdomsskule, men har no sagt seg opp for å gjennomføra journalistikkstudie ved UiB.
– Denne stillingsutlysinga kom eigentleg litt for tideleg for min del. Men det er ein fantastisk mogelegheit, og draumejobben ved sidan av studiene eg no har rundt to år igjen av, seier Marie.
Ein annan fordel med dei nytilsette er at begge kunne starta umiddelbart.
– Vi gler oss over utvidinga, og håper begge får ein god start. Vinteren kan vera ei fin tid å starta på, sånn at begge er varme i trøya når den travle våren i Os set inn, seier Bruarøy.