Korona | 02. juli 2021
To nye smittetilfelle denne veka
Dei to er i same husstand.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juli 2021 08:59
I førre veke hadde vi tre nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune på to dagar.
Dette var dei første smittetilfella i kommunen sidan 9. juni.
I går kom to nye smittetilfelle.
– Dei to er i husstand med eit kjent smittetilfelle, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
– Det er ingen nye nærkontaktar i samband med desse to smittetilfella.
Dei to smitta er ein mann og ei kvinne i 50-åra.
Den eine fekk svar seint onsdag, begge blei rapportert til Bjørnafjorden kommune torsdag.
– Minst éin av dei har fått første vaksinedose, men det er for så kort tid sidan at vaksinen foreløpig har hatt liten effekt.
Få oversikt: Smitten i Bjørnafjorden, dag for dag (+)