Tjuveri og slåsting
Politiet fekk i går melding om påkjørt hjort, tjuveri på Amfisenteret og delte ut seks prikkar på Halhjemsvegen - og rykte tre gongar ut på melding om tjuveri og slåsting på Vartun.
Tre gongar måndag rykte politiet ut til bufellesskapen Vartun.
– Først fekk vi melding om tjuveri. Høgttalarar var sakna frå to husvære, og etter ei stund fann vi dei i eit tredje husvære i same bygg, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
På kvelden, klokka 21.45, kom melding om krangel og kasting av ymse gjenstandar. Politiet rykte ut og gav dei involverte pålegg om å gå kvar til sitt.
Så, rundt midnatt, kom det melding om krangel og slåsting.
– Då hadde ein tredje person også blitt innblanda. Vi tok ein av dei med til forvaring, vedkomande er mistenkt for både skadeverk og for å ha slått ein av dei andre. Han skal i avhøyr i dag.
Fekk 6 prikkar på førarkortet
Måndag kveld kom melding om svært aggressiv kjøring på Halhjemsvegen, med høg fart og kjøring tett opp i bilen framfor.
– Vi rykte ut og stoppa ein ung bilførar. Han fekk eit forelegg på 5000 kroner og sidan vedkomande er i prøveperioden blei det seks prikkar på førarkortet.
Tjuveri på AMFI
Politiet fekk i går melding og skadeverk og tjuveri frå ein butikk på Amfisenteret.
Tjuveriet skjedde i 21-tida.
Oljesøl og påkjørt hjort
Måndag formiddag kom melding om påkjørt hjort på Søfteland, ei melding som blei sendt vidare til ein viltkontakt.
Måndag ettermiddag fekk politiet melding om oljesøl på Mobergsbrua. Sølet stamma frå ein traktor, vegvesenet blei varsla og tok hand om sølet.