Tjuveri, brann og påkjørt hjort
Politiet har i helga fått melding om hærverk på motorsykkel, grasbrann og bustadbrann og tjuveri av skilt frå to bilar.
Politiet har i helga fått melding om to brannar.
– Fredag ettermiddag var det ein grasbrann i Lysefjorden. Rundt eit halvt mål blei svidd av, men brannvesenet fekk sløkt brannen, som truleg stamma frå glør frå eit bål, fortel lensmann Rasmus Dalen.
Klokka 00.46 natt til måndag kom det melding om bustadbrann i Kuventrævegen.
– Éin av bebuarane blei dimittert etter sjekk av ambulansepersonell. Vedkomande fekk saman med dei andre i bustaden overnatta hos venar, då dei ikkje kunne bu i huset i natt.
Det er oppretta sak på begge brannane.
Stal skilt frå to bilar
Søndag morgon i 9-tida fekk politiet melding om tjuveri av kjenneteikn frå to bilar.
Bilane sto parkert utanfor eit hus i Kleivane, nær Holtbrekka.
Fredag ettermiddag fekk politiet melding om hærverk på ein motorsykkel.
Motorsykkelen sto i ein garasje, der det ser ut som om nokon har vore inne og opna kranen på tanken så all bensinen hadde rent ut.
Det var ikkje teikn på at noko var stole frå garasjen.
Mopedist fekk tilsnakk
Politiet hadde fleire trafikkontrollar i helga.
I 6.30-tida laurdag formiddag sto dei på Hatvikvegen, og seinare på Byvegen.
I 14-tida hadde politiet kontroll i Mobergsbakken.
– Det var ingen reaksjonar på nokre av plassane.
Men klokka 19.30 laurdag kveld stoppa patruljen ein mopedist som hadde knekt skiltet sitt opp, slik at det ikkje var synleg for trafikkantar som kom bak. Vedkomande fekk tilsnakk.
Påkjørt hjort
Klokka 05.25 måndag morgon fekk politiet melding om påkjørt hjort på Hatvikvegen.
Ingen personar blei skadd, men bilisten hadde mistanke om at hjorten, som stakk frå staden, ikkje var skadefri. Viltkontakt blei varsla.