Politi | 27. sep. 2024

Tjuveri av mobil frå venterom og funn av «gøymd» iPad

Politiet har i tillegg fått melding om råkøyring.

Tjuveri av mobil frå venterom og funn av «gøymd» iPad
Venterommet på Halhjem ferjekai. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. sep. 2024 12:00

Torsdag litt over klokka 09 fekk politiet melding om tjuveri av ein mobiltelefon frå venterommet på Halhjem ferjekai.

– Telefonen blei funnen igjen seinare, men då utan simkort, fortel politioverbetjent Thomas Juulseth.

Same dag blei ein iPad funnen gøymd i eller ved eit bosspann på ein bensinstasjon i Os sentrum.

– Eigar kan kontakta oss på politistasjonen, den er innlevert her.
Torsdag kveld klokka 19.55 fekk politiet melding om ein bil sområkøyrde i nærleiken av AMFI Os.

– Meldar meiner bilen må ha køyrd i rundt 100 km/t i 40-sona.

Ein patrulje var ute og såg etter bilen, ei mørk stasjonsvogn, utan å finna den.

Fredag morgon i 07-tida gjennomførte utrykningspolitiet ruskontroll på Halhjem ferjekai.

57 bilar blei kontrollert utan at UP fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.