Kultur | 15. feb. 2016

Tips og råd til øvelseskøyring

Kor tid bør du starta, korleis øver du best og har du lov å ha passasjerar i bilen?

Tips og råd til øvelseskøyring
Kjell Sandal frå Statens vegvesen har mange år erfaring som sensor, og kom med gode og morosame eksempel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. feb. 2016 09:19

Bildeserie:

I førre veke var det infomøte på Os, denne veka er det på Nore Neset. (Foto: KVB)
I førre veke var det infomøte på Os, denne veka er det på Nore Neset. (Foto: KVB)
Vil du ha lappen så tidleg som mogleg?  (Foto: KVB)
Vil du ha lappen så tidleg som mogleg? (Foto: KVB)
Arne Bjoarvik meiner teorikurs er ein smart snarveg.  (Foto: KVB)
Arne Bjoarvik meiner teorikurs er ein smart snarveg. (Foto: KVB)
1 av 3

Onsdag førre veke var sensor Kjell Sandal frå Statens vegvesen og Arne Bjoarvik frå trafikkskulen på Os ungdomsskule for å orientera elevar, foreldre og besteforeldre om føraropplæring. Onsdag denne veka står Nore Neset for tur.

Er du klar for å setja ungdomen bak rattet i anbefalte 140 timar, utanom timane på trafikkskulen?

– Mengdetrening er nøkkelen! Dess fleire situasjonar og opplevingar ungdomen får bak rattet dess større er sjansen for at dei består den praktiske førarprøven. Endå viktigare er det at dei blir mykje flinkare og tryggare bilførarar, sa Sandal.

Dette treng du for å øvelseskøyra:
• Vera fylt 16 år
• Ha fullført Trafikalt grunnkurs (TGK)
• Den som køyrer med deg (tel som førar) må vera fylt 25 år og ha hatt førarkort samanhengande dei siste 5 åra
• Bilen må ha handbrekk, men det betyr ikkje noko kvar den er plassert
• Ha L bak på bilen og ekstra spegl så

Kan du …
– Ha passasjerar?
– Ja. Men du treng ikkje ha veslebror eller tantene dine i baksetet på dei første turane, meiner Sandal.
– Køyra med hengar?
– Ja, men også her kan du fint venta til du er godt i gang med køyringa.
– Køyra kvar som helst?
– Du kan køyra på offentleg veg. Enkelte kjøpesenter og bedrifter har skilta parkeringsplassen sin med at øvelseskøyring er forbode, og det har dei lov til.
– Køyra med automatgir?
– Ja. Du kan òg køyra opp med automatgir, men då får du òg berre lov å køyra med automat seinare. Men det kan vera heilt greit å byrja med automatgir, det er mykje anna som skal lærast i trafikken enn akkurat det å bruka gir, det kan koma seinare.
– Køyra på vinterføre?
– Ja, men du bør venta ei stund med dette. Det er den i passasjersetet framme som tel som førar, men vedkomande kan få spørsmål om køyringa var aktsam om ein svært uerfaren ungdom sat bak rattet og det skjer eit uhell på glatten.

Stor strykprosent

Statistikk for 2015 viser at det ikkje har vore færre dødsulykker på norske vegar sidan 50-talet, talet på skadde har òg gått kraftig ned dei siste femten åra.

– Den mest markante nedgangen kom frå 2004-2005. Er det nokon som hugsar kva trafikkrelatert som skjedde på den tida? spurde Kjell.

– Det er nok mykje som speler inn, men dette var året då Trafikalt grunnkurs blei innført. Dette må ungdomen gjennom før dei tar mopedsertifikat og før dei startar med øvelseskøyring. Det er eit kurs på 17 timar. Kurset er utan eksamen, men då det er ikkje fullført om ikkje du får med deg alle dei 17 timane.

Heile 50 prosent (!) stryk til teorieksamen. 1 av 3 stryk på pratisk førarprøve (oppkøyring).

Om du stryk på teori må du venta minst to veker før ny eksamen, om du stryk på førarprøven må du venta minst fire veker med ny oppkøyring. Du må betala ny eksamensavgift (og leige av bil) for kvar gong.

– Ta teorien på alvor

Teoretisk opplæring var òg i Arne Bjoarvik sitt manus. Han fortalte om elevar som stryk gong etter gong på teoretisk eksamen, utan å kjøpa boka. Han fortalte òg om elevar som nærmar seg ferdig med køyreopplæringa og seier dei kjem tilbake når dei har bestått teoretisk eksamen. Og så drøyar det.

På teorieksamen får du 45 spørsmål med svaralternativ, der eitt av alternativa er rett. Du må svara rett på minst 38 av desse (84,4 %).

– Tenk å vera så nær, men ikkje ta seg bryet med å førebu seg godt nok? Tenk å bruka så mykje pengar, og så skal det gjerne gå år før dei kan ta opp igjen køyringa og til slutt stilla til praktisk førarprøve.

Arne anbefalte elevane å starta med lesinga tidleg, ta teorien på alvor og å melda seg på teorikurs.

– Med 50 prosent stryk er eg nesten meir uroleg for kvaliteten på dei som står. Dei har svart rett på eit utval spørsmål. Kor god er dei på resten?

Teorikurs er ikkje obligatorisk, utover Trafikalt grunnkurs. Mange les sjølv eller tar testar på nett, men slit med å stå på eksamen.

– Av og til er det skremmande kor lite eleven bak ratten kan av teori, god teorikunnskap har enormt mykje å seia når det kjem til praktisk køyring. Det kostar tid og pengar å ta eksamen fleire gongar. Eit kurs er ein god start.

Kva kjem først - clutch eller brems?

Den erfarne sensoren brukte publikum mykje. Han og Bjoarvik hadde òg med seg mange konkrete eksempel og gode historiar servert med fin humor.

– Det er dykk ungdomar som skal køyra frå no av, anten de skal på besøk eller på fotballkamp.

– Ei lita utfordring for oss vaksne er at vi er for flinke, mykje av køyringa skjer automatisk, noko som fører til at vi gir feile råd.

– Kven av foreldra her kan seia kva dei gjer først når dei skal gira, slepp du gassen før du tar inn clutchen eller motsett? Eller samtidig?

Det var mumling i salen. «Samtidig», kanskje?

– Du tar clutchen inn litt før, men ville kanskje ha bedt ungdomen sleppa gassen først? Då vil bilen gjera to hopp før den kubbar.

Tilsvarande skjedde då Sandal spurde om nedbremsing, clutchen eller bremsen først? «Samtidig», meinte fleire av foreldra.

– Prøv ned Vallaheiane, du bremsar litt på giret og så nærmar du deg fru Frantzen i fortgjengarfeltet. Ungdomen ser fotgjengaren seint og gjer raskt det dei har lært. Om du har lært dei å ta clutchen inn før dei bremsar så jaggu skal fru Frantzen løpa fort om ho skal koma seg trygt over vegen!

Om du skal ned i fart skal du alltid trø først på bremsen.

Pris, tid og rekkefølgje

Opplæringa er delt i fire trinn:
1. TGK, 17 timar.
2. Teknisk køyring (meistra å løysa, gira osv), obligatorisk 1 time (men mange bruker fleire timar).
3. Trafikal kompetanse, praktisk køyring, obligatorisk 5 timar (inkludert 4 timar tryggleikskurs med glattkøyring)
4. Avsluttande del, obligatorisk 13 timar (inkludert 4 timar teori)

Sandal meinte det var greit å koma i gang med køyring på trafikkskule så tidleg som mogleg, for så å halda det ved like med privat øvelseskøyring fram til oppkøyring. Noko billigare, og vanlegare, er det truleg å starta med øving privat.

– Ein idé kan óg vera å starta på køyreskule, ta nokre timar, for så å øva mykje heime før neste trinn, sa Bjoarvik.

– Uansett skal vi vera glade for at vi i Noreg, akkurat på dette punktet, er liberale. I fleire andre land i Europa, blant anna Danmark og Tyskland, er all køyreopplæring ved trafikkskule, privat øving er forbode.

Prisen, om du står på både teori og oppkøyring første gong, vil ofte landa på 30.000 til 35.000 kroner. Du kan spara 5000 til 10.000 kroner på å køyra opp med automatgir.

– Vi har fleire og fleire som vel automat, det kan vera noko å vurdera. Ser vi eitt år tilbake hadde vi ingen opplæringsbilar med automat, no har vi to, fortalte Arne Bjoarvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.