Tippa i toppen
Sverre Lunde Pedersen går allround-VM på Hamar i helga. Ekspertane trur han vil kjempa i toppen. - Målet er topp 5, seier Sverre sjølv til Midtsiden fredag ettermiddag.
Sverre Lunde Pedersen (20) har hatt ein svært god sesong så langt. Det heile kan toppast i helga når VM allround går av stabelen i Vikingskipet på Hamar. Midtsiden møtte Sverre og far Jarle Pedersen etter dei siste førebuingane fredag ettermiddag.
- Sverre er klar, slo landslagstrenar og far Jarle Pedersen fast før han måtte springa for å henta folk på togstasjonen.
Ei siste roleg økt
Den siste økta Sverre gjennomførde saman med nokre av lagkameratane var nokre lettet joggedrag på indre bane med relativt låg intensitet, sjølvsagt med Sverre i front.
- Formen er bra. Dei siste dagane her borte har gått etter planen, fortel ungguten etter endt økt.
- Kva trur du sjølv om plassering i meisterskapet, kor ligg målet?
- Målsettinga er topp fem, seier Sverre beskjeden.
Kan bli beste nordmann
Ein som har tru på Sverre under meisterskapet er NRK sin ekspertkommentator Even Wetten.
– Sverre Lunde Pedersen har hatt ein kontinuerleg stigande kurve heile vegen sidan han begynte å gå som senior. Dette ser bare ut til å helde fram.
- Eg blir ikkje forundra om han blir beste nordmann i Vikingskipet.
- Med ein god 500-meter laurdag, kan osingen vera ein meget sterk kandidat til det nest øvste trinnet på seierspallen til slutt, seier Wetten til Aftenposten.
Soleklar favoritt er suverene Sven Kramer frå Nederland som kan ta sitt sjette VM-allroundgull i helga.
Går etter Kramer
Parsamansettinga blei klar fredag kveld. På 500 meter skal Sverre gå mot Bram Smallenbroek frå Austerrike i 6. par. Håvard Bøkko går mot Zbigniew Brodka frå Polen i 9. par, medan storfavoritt Sven Kramer møter russiske Denis Yuskov i 8. par.
På 5000 meter får ikkje Sven Kramer fordelen av å gå på tida til Sverre og Håvard. Kramer går i 9. par mot Dmitry Babenko frå Kazakstan. Bøkko i 10. par mot Ivan Sokobrev frå Russland, medan Sverre går i nest siste par (11.) mot Bart Swings frå Belgia.
- Ikkje mykje å utsetta på trekkinga av laurdagens distanser på Hamar. Og Kramer har IKKJE siste par på 5000, kommenterar Jarle Pedersen på twitter fredag kveld.
VM startar klokka 14.00 laurdag med 500 meter kvinner. Herrane startar litt før klokka 14.30.