Lokal | 14. sep. 2013

Tilbake til ungdomen

Ho var handballstjerne i Os på 70-talet, men har budd i Oslo sidan 1983. No er politibetjent Anne Lyssand tilbake i Os, med ønskje om å få jobba med ungdom og forebygging.

Tilbake til ungdomen
Anne Lyssand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 14. sep. 2013 09:55

– To år etter at eg i 1989 byrja å jobba i politiet i Oslo søkte eg meg over på avdeling for forebygging, fortel politibetjent Anne Lyssand.

Der blei ho verande fram til ho i fjor flytta med dottera til Vestlandet for å jobba i Bergen. I juni i år fekk Anne jobb i den gamle heimbygda si, på Os lensmannskontor.

– Sjølv om vi som jobbar på mindra stadar må arbeida med fleire ulike fagfelt, håper eg å få bruka mykje av det som er mitt spesialfelt også i Os.

– Dette med ungdom sitt ve og vel har alltid opptatt meg, og eg har vore med på så mange prosjekt som har resultert i solskinshistoriar at eg veit at dette er verdt innsatsen, at dette er viktig og at metodane vi bruker er effektive.

Val og konsekvensar

Kva skal til for å nå inn til ungdom, for å få dei som allereie har byrja å gje litt blaffen til å tenkja over kva retning dei går, til å få tru på seg sjølv og lyst til å velja ein lovlydig og god veg?

– Gode eksempel når inn, og dei finnest det mange av. Ungdom som omtrent ved ein glipp har stengt mange bruer for seg sjølv.

– Eg jobba blant anna med ei sak der ein som, etter lang periode med mobbing, trekte kniv mot ein medelev, blei meldt, utvist og var nær på å bli tiltalt. Foreldra var skilte og faren budde i USA. Å besøka pappa kunne blitt veldig vanskeleg for han om ikkje vi hadde sett saka under eitt og gjeve han ein sjanse.

– Ungdomen vel sjølv, men det er viktig at dei veit at nokre val kan føra til alvorlege konsekvensar for lang framtid.

– Noko anna dei vel er omgangskrinsen. Alle blir påverka av dei dei er med, det gjeld for både ungdom og foreldre og vera bevisste på kven dei skal bli påverka av.

Krev tett samarbeid

Nøkkelen til å kjenna ungdomen godt, og til vidare oppfølging, ligg ifølgje Lyssand i tett samarbeid mellom fleire einingar, som skule, barnevern og politi.

– I Oslo hadde vi faste møter der vi gjekk gjennom notatar på kvar enkelt ungdom av dei som var kategorisert som unge gjengangarar, slik at vi følgte med kva retning det gjekk og kven som trengte kva type oppfølging.

– Og eg har vore med på så mange suksesshistoriar, foreldre eller ungdomen sjølv, når dei har blitt vaksne, som har kome og fortalt om kor viktig hjelp dei har fått av prosjekta dei har vore del i.

Trur på opptrapping i Os

På Os lensmannskontor har Anne funne seg godt til rette.

– Men det er litt uvant å jobba med så mange ulike oppgåver. Avhøyr trivst eg med, eg har lett for å prata med folk og til å nå inn, synest eg.

– Men etterforsking kravde litt, eg føler eg har brukt opp kvoten min når det kjem til det å spørja kollegaene mine om råd, ler ho.

Leiinga og miljøet ved Os lensmannskontor synest ho er veldig bra.

– Lensmann Dyrdal og politioverbetjent Sperrevik er veldig dyktige og framoverlente, eg trur vi skal få mykje til i lag framover, også innan dette med forebygging, som ligg mitt hjarta nærmast.

Jobb i Oslo – proffkarriere i Stockholm

Det var storebrørne Arild og Ragnar som anbefalte Anne å bli politi.

Les òg:
Lyssand blei president
17 år som inspektør på Svalbard

– Det var ein trygg og god yrkesretning å velja, meinte dei.

Tre av fem søsken i Lyssand-familien har hamna i politiuniform.

– Aspiranttida var i Stavanger, det var ei veldig kjekk tid og eg er framleis forelska i både byen og dialekta.

Etter endt utdanning fekk ho jobb ved ordenstenesta på Grønland politistasjon.

– På den tida fekk vi fast jobb med det same vi kom ut av skulen. I dag er det andre tider, fleire nyutdanna politifolk går utan jobb. Eg er glad eg slapp den påkjenninga.

Anne jobba i Oslo frå 1984 til ho i 1987 reiste til Stockholm for å vera handballproff eit år.

– I 1988 flytta eg heim og spelte 2. divisjon for Os, men då det ikkje var politijobb til meg på Vestlandet på den tida flytta eg i 1989 til Oslo, etter nesten tre år vekke frå politiet.

Grusomt møte i Oshallen

Anne blei tatt opp i seniorstallen til Os med det same ho var 15 år og gamal nok, og var frå 1976 med på gullalderen i Oshallen og spel på øvste nivå.

Ho har spelt både på landslaget og juniorlandslaget og trente med herrelaget til Sola medan ho var aspirant i Stavanger.

– Både då eg gjekk idrettsgymnas i Odda og som apsirant i Stavanger så pendla eg heim for å spela med Os. Men då eg i 1983 byrja på politiskulen i Oslo skifta eg til Bækkelaget.

Med Frode Kyvåg som trenar blei det tur heim til Os for å spela mot gamleklubben.

– Det var heilt grusomt å spela mot Os i Oshallen, minnest ho.

Desse åra ho har budd på Austlandet har ho halde kontakt med venar og familie heime i Os, også handballvenninnene, som ho årleg har reist på veteran-NM med.

– I 2010 la eg opp etter ein skade, men så hadde eg kome meg litt i form no etter ferien prøvde meg på comeback med veteranlaget igjen.

På første trening rauk ho menisken og må truleg operera.

– Eg blei utruleg skuffa, eg følte meg i god form og hadde gledd meg som ein unge. Eg hadde til og med kjøpt meg ny handball, fortviler ho.

– Men eg blir med til veteran-NM, som lagleiar. Så får vi håpa at det ikkje blir for vanskeleg å sitja på benken og sjå på, ler Anne Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.