Lokal | 05. apr. 2013

Tilbake til det levande landet

Laurdag er det bygdekino med historia bak trollmannkarakteren frå den kjende filmen "Trollmannen fra Oz", og ein tur tilbake til steinalderen med filmen "Croods".

Tilbake til det levande landet
Oz: The Great and Powerful. (Distributør: The Walt Disney Company Nordic)
Kari M. Lyssandfredag 05. apr. 2013 08:52

Det er filmane Croods og Oz: The Great and Powerful som skal underhalda på Bygdekinoen denne helga.

Denne kinohelga kjem Bygdekinoen på ein lørdag og ikkje søndag.

Croods

Familien Crood har alltid holdt seg til si trygge hole som har verna dei mot fare. Då hola deira blir øydelagd reiser familien ut på si livs reise som endrar framtidsutsiktene deira for alltid.

Croods er ein animasjonskomedie frå DreamWorks animation som står bak ein rekke filmar som Shrek, Kung Fu Panda og Pus med støvler for å nemna nokre.

I den norske versjonen av Croods er det Atle Antonsen som har stemma til pappaen Grug, verdas mest hardtarbeidande pappa med filosofien "Frykt er bra - forandring er farleg!".

Filmen startar klokka 16.00.

Produksjonsselskap: DreamWorks Animation
Regi: Chris Sanders, Kirk De Micco
Skuespillere: Atle Antonsen, Tomine Harket, Håvard Bakke, Katrine Blomstrand, Erik Skøld, Frøydis Armand
Sjanger: Animasjon / Familiefilm
Kinopremiere: 22.03.2013
Nasjonalitet: USA
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2013
Lengde: 1 t. 32 min.
Aldersgrense: 7 år

Oz: The Great and Powerful

I 1939 kom filmen Trollmannen fra Oz basert på barneboka med samme navn. Filmen, som ikkje blei rekna som ein stor suksess i starten, har gjennom åra endt opp med å bli ein av dei mest kjende filmane gjennom tidene.

I filmen Oz: The Great and Powerful kjem historia om trollmannen og korleis han havna i landet Oz.

Oscar Diggs er ein magikar med tvilsame etiske haldningar. Han blir på merkeleg vis kasta ut frå støvete Kansas i Usa, og sendt til det levande landet Oz. Dei tre heksene Glinda, Theodora og Evanora er ikkje overbevist om at Oscar er den store trollmannen dei har venta på, men ved hjelp av illusjonar, oppfinnsamheit og trolldom forvandlast Oscar ikkje berre til den store trollmannen, men også til eit betre menneske.

Filmen startar klokka 19.00

Distribusjon: The Walt Disney Company Nordic
Regi: Sam Raimi
Skuespillere: Mila Kunis, James Franco, Rachel Weisz, Michelle Williams, Abigail Spencer, Zach Braff, Joey King, Bill Cobbs, Tony Cox, Ted Raimi, Martin Klebba, Toni Wynne
Sjanger: Eventyr
Kinopremiere: 15.03.2013
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Produksjonsår: 2013
Lengde: 2 t. 10 min.
Aldersgrense: 11 år

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.