Tilbake på tabelltoppen
Lysekloster slo Austevoll heime og har tatt over som serieleiar i 3. divisjon avdeling 7.
I starten av juni gjekk nykomar i 3. divisjon, Lysekloster, forbi Øystese til toppen av tabellen i avdeling 7.
Men så overtok Stord, fram til i dag. Stord tapte borte for Øystese i går og Lysekloster, som låg eitt poeng bak, vann i dag over Austevoll.
Lysekloster - Stord 3-2 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Preben Skorpen, Kim Kleivedalen og Martin Eidsvik.
– Vi speler ein OK kamp. Dei første 12 minutta var vi gode, så ramla vi litt nedpå, synes Ørjan Sandal.
– Det blei for lågt tempo og for lite intensivt. Men vi heva oss i 2. omgang og gjorde alt i alt ein god jobb mot ein bra motstandar, synest han.
Preben Skorpen sette inn 1-0, Kim Kleivedalen 2-1 og Martin Eidsvik 3-1. Gjestane reduserte i 89. minutt.
Unge lokale talent
– Det er kjekt å sjå at 3 av dei 8 lokale spelarane vi startar med, ungdomane Preben, Stefan og Johannes, gjer det så godt.
Skorpen debuterte borte mot Stord og har spelt frå start i kvar kamp etterpå, bortsett frå då han var på ferie.
Han blei i dag, nok ein gong, kåra til banens beste. Stefan Bernsen spelte i dag frå start for første gong i 3. divisjon.
Serieleiar
Lysekloster leiar no tabellen 2 poeng framfor Stord, 6 poeng framfor Vardeneset.
Neste kamp går borte mot Hundvåg, som Lysekloster slo 8-0 heime i vår.