Tilbake på skulen i midten av neste veke
Tar éin dag med heimeskule etter 17. mai.
Kommunal kriseleiing har gjort vedtak om at Os ungdomsskule skal ha digital heimeundervisundervisning også tysdag 18. mai.
– Frå onsdag 19. mai er skulen tilbake på gult nivå og elevane møter på skulen som vanleg, opplyser rektor Kjersti Wolden.
Første påviste smittetilfelle kom torsdag i førre veke, i det som er det største smitteutbrotet i Bjørnafjorden til no.
Status måndag, som blei informert om i går, var totalt 29 smittetilfelle knytte til utbrotet: 23 elevar, fem husstandsmedlemmer og ein lærar.
Foreløpig har vi ikkje fått smittetal for tysdag, men VG indikerer to nye, og det er uvisst om desse har samand med skuleutbrotet.
Elevane skal minnast på å bruka tilviste inngangar, trekka raskt ut av gangen i friminutta, og å halda seg på tilvist område når dei er ute.
– Vi ser fram til å treffa alle att og ha vanleg undervisning, skriv Wolden i ei melding til foreldra.