Skøyter | 12. feb. 2023

Tilbake i A-gruppa etter sterk 5000 meter

Sverre Lunde Pedersen med gode løp i nest siste verdscup.

Tilbake i A-gruppa etter sterk 5000 meter
Pedersen og Ulekleiv gjekk i B-gruppa. Der tok dei 2. og 1. plass. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. feb. 2023 09:50

Sverre Lunde Pedersen, som 14. november annonserte at han ville stå over verdscup 2, 3 og 4 for å trena, er no tilbake.

Helga 20. til 22. januar fekk han ein god peikepinn i NM; kroppen tolte å bli pressa.

I helga, etter treningsopphald i italienske Collalbo, var det verdscup igjen. Verdscup 5 går i den polske byen Tomaszów Mazowiecki.

Sverre deltok i lagtempo fredag kveld og 5000 meter laurdag ettermiddag.

På lagtempo gjekk det så bra som det kunne gå.

Norge tok 1. plass framfor USA og Nederland. Laget besto av Sverre Lunde Pedersen, Peder Kongshaug og Sander Eitrheim.

På 5.000 meter har Sverre ikkje nok verdscup-poeng til å gå i A-gruppa, då førre sesong var tett på den alvorlege skaden etter sykkelulykka sommaren 2021.

I verdscupopninga i november, resultatet som førte til at Sverre tok pause for å trena, kom Sverre på 11. plass i B-gruppa.

I går blei det 2. plass bak lagkamerat Kristian Ulekleiv.

Dermed er han tilbake i A-gruppa.

– Det var ekstra gøy med dobbelt norsk og siger til Kristian, skriv Lunde Pedersen på Facebook.

  • Kristian Ulekleiv gjekk i mål på 6:28.34, Sverre Lunde Pedersen på 6:29.48.
  • Sander Eitrem kom på 3. plass i A-gruppa med tida 6:18.45, Hallgeir Engebråten kom på 10. plass med 6:31.48.
  • Peder Kongshaug tok 2. plass på 1500 meter, Ulekleiv og Eitrem kom på 13. og 15. plass.

– Alt i alt ei kjempegod helg. Det er gøy å sjå at perioden frå november har gjort godt for kroppen, skriv Sverre.

– Eg har meir å gå på, og gler meg til dei neste løpa, legg han til.

Sjette og siste verdscup er neste helg, også dette går i Tomaszów Mazowiecki.

Så er det uttak til VM i Heerenveen 2. til 5. mars, der rundt 60 osingar har bestilt tur med Os Travel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.