Til superfinalen?
Eirik toppar iTunes: "Du gjorde Chateau Neuf om til Wembley", sa Gunnar Greve. Dette luktar superfinale, meiner Kurt Nilsen.
Eirik Søfteland held fram med å imponera og er etter kveldens stemmerunde ein av dei fire som er vidare til nok ein finalrunde i Idol.
I kveld var det eigenkomponerte låtar som skulle syngast og Eirik var fjerdemann ut då han serverte «Gonna Go My Way». Med storm!
– Det var knallgøy og utruleg kjekt med sånne tilbakemeldingar, sa Eirik til Midtsiden i pausen.
– Men det var tøft, det er ei krevjande låt å framføra, legg han til.
Les òg: – Låta speglar meg
Responsen var enorm, publikum reiste seg, dommarane reiste seg og Dansken sto på dommarbordet under siste del av framføringa.
"Takk, Noreg, for at de har stemt Eirik vidare!" sa Dansken om Eirik si låt.
Få minutt etter framføringa toppa Eirik iTunes-lista, ifølgje VG.no.
Tone Damli Aaberge sa ho er fan og Kurt Nilsen sa han trur Eirik kjem til superfinalen.
Ein annan favoritt, Astrid Smeplass, rauk ut i kveld. Astrid Sugaren var saman med Smeplass dei to med færrast stemmer i kveld.